Final Fantasy i nettlesaren?

Japanske konsollspel kan dukke opp på PC om Square Enix si netteneste blir ein suksess.

I førre veke skreiv vi om Square Enix si nye nettenesteCoreOnline. Om du tek turen til denne sida kan du få spele diverse spel frå Square Enix sin katalog heilt gratis gjennom nettlesaren. Alt du må gjere er å sjå litt reklame, men om du ikkje likar reklame kan du betale deg vidare. Akkurat no får du berre tilgong på Hitman: Blood Money og Mini Ninjas, men fleire spel er på veg, deriblant Lara Croft: And the Guaridan of Light.

Så langt er det berre spel frå Square Enix sitt vestlege underselskap Eidos å finne, og dette har si enkle forklaring. Japanske spel blir sjeldan utvikla for PC. Om CoreOnline blir ein suksess kan vi likevel ende opp med å sjå klassikarar som Final Fantasy og Kingdom Hearts på teneste, fortel Square Enix-toppmann Yoichi Wada i eit intervju med GamesIndustry:

– Vi vil gjerne sjå fleire Square Enix-titlar på CoreOnline, men problemet er, dei spela var laga for konsollar, ikkje PC. For å vere heilt ærleg, så startar vi med dei spela som er tilgjengelege. Når vi har etablert at dette kan fungere økonomisk kan vi porte spel til PC, men det kostar faktisk ein del pengar, fortel han.

CoreOnline er berre den siste i fleire nettbaserte tenester dei siste åra som har for mål å gjere brukaropplevinga lettare. Tenester som OnLive og Gaikai har hatt varierande suksess, medan speling i nettlesaren er i ferd med å bli stadig vanlegare.

Kva trur du om denne utviklinga? Vil du sjå gamle klassikarar på CoreOnline, eller får vi ein gong i framtida spele det neste Final Fantasy-spelet gratis i ein nettlesar på lanseringsdagen?

Les også: Slik ser spill ut i nyte Firefox 15 Les også: Frister det med spillstreaming på PlayStation 4?

Siste fra forsiden