(Bilde: Square Enix)

Final Fantasy III kjem til Steam

Er rollespelklassikaren eit teikn på ny PC-giv frå Square Enix?

Final Fantasy III blei først lansert for Nintendos første konsoll i i Japan 1990. Der blei det, heilt til det i 2006 blei lansert i ein ny 3D-versjon på Nintendo DS, før det blei lansert i Europa våren 2007. Etter dette har spelet blitt lansert på både iOS og Android, og no er det snart klart for enda eit nytt beiteområde.

I ei pressemelding har Square Enix fortalt at den oppussa versjonen av Final Fantasy III er på veg til Steam. Pressemeldinga seier ikkje noko spesifikt om når det vil dukke opp, utover at det vil bli tilgjengeleg snart. Steam-sida for spelet er likevel allereie på plass.

Forbetra versjon

Final Fantasy III kjem snart til Steam.
Final Fantasy III kjem snart til Steam.

Steam-versjonen av Final Fantasy III ser ut til å halde seg ganske tru mot dei tidlegare versjonane av spelet. Pressemeldinga fortel likevel at vi kan vente oss betre grafikk, samt nytt design på jobb-korta. I tillegg gjennom diverse menyar bli enklare. Som dei fleste Steam-spel vil det by på prestasjonar og Trading Cards.

Final Fantasy III er ikkje det første Final Fantasy-spelet som dukkar opp på Steam, men det er likevel det første av dei eldre spela som har blitt laga til PC utan å basere seg på ein tidlegare PC-versjon. Final Fantasy VII og Final Fantasy VIII er allereie tilgjengelege på Steam, men desse spela hadde allereie PC-versjonar som blei lanserte kort tid etter PlayStation-versjonane.

Om dette er eit teikn på at Square Enix vil gi oss fleire Final Fantasy-spel på PC er for tidlege å seie, men det er i det minste eit steg i riktig retning.

For Final Fantasy-fans har det vore eit godt år så langt. I februar lanserte Square Enix det solid Lightning Returns: Final Fantasy XIII, medan dei i mars lanserte dei oppussa versjonane av Final Fantasy X og X-2.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen