Final Fantasy-komponist lagar barnebok

Nobuo Uematsu skriv historie om ein robots vanskelige kjensleliv.

Heilt sidan 1987 har Nobuo Uematsu vore eit viktig nanm i spelindustrien. Då stod han bak musikken i det første Final Fantasy-spelet, og sidan den gong har han komponert musikk for ikkje berre ein drøss med Final Fantasy-spel, men òg for andre produksjonar som Lost Odyssey og The Last Story.

No gjer han seg derimot klar for å prøve noko nytt. I ei pressemelding vi har motteke fortel utgjevaren acttil at dei vil gje ut Uematsus første barnebok gjennom iTunes i løpet av august.

Illustrasjon frå Blik-0 1946.

Boka som har fått namnet Blik-0 1946 handlar om den vesle roboten Blik-0 som etter kvart som ha lev i ei verd full av menneske byrjar å slite med å forstå kjensler. Boka er illustrert av Hiroki Ogawa, og får eit lydspor beståande av tre nye låter frå Nobuo Uematsu. Om grunnane bak kvifor Uematsu no har prøvd seg som forfattar, har komponisten har følgjande å seie:

«Eg vil at lesarane skal oppleve den gleda du kan finne i kvardagen – men som du lett ignorerer fordi den er for nær – samt kor viktig det er å vere snill og vise respekt for andre.»

Les også: Ukens podkast: Final Fantasy-spill på Super Nintendo Les også: Anmeldlse: Score – Orchestral Game Music

Siste fra forsiden