Final Fantasy-skaparen går i gong med nytt konsollspel

Innfrir løfte etter at mobilspelet Terra Battle nådde milestolpe.

For folk flest er Hironobu Sakaguchi best kjend som mannen bak Final Fantasy-serien. I byrjinga av 2000-talet slutta han i Square Enik, og stifta det nye studioet Mistwalker. Hos Mistwalker har Sakaguchi oversett utviklinga av Xbox 360-rollespela Blue Dragon og Lost Odyssey, samt Wii-rollespelet The Last Story.

Dei seinare åra har det vore ganske stille rundt Sakaguchi og Mistwalker, og studioet har gått frå å lage omfattande konsollspel, til mindre mobilspel. Mange har venta på eit nytt konsollrollespel frå Sakaguchi, og no ser det ut til at dei får viljen sin.

I ei pressemelding torsdag får vi vite at Mistwalker vil gå i gong med ein konsollversjon av deira nyaste mobilspel Terra Battle.

Tatisk mobilspel

Terra Battle i aksjon.

Terra Battle er eit taktisk mobilspel der du skal samle mange heltar for å bruke dei i kampar. Spelet er gratis å laste ned, men byr på mikrotransaksjonar for meir innhald. Det er eit spel ganske langt frå Sakaguchis tidlegare kreasjonar, men har hausta solid suksess sidan lanseringa i fjor haust.

Grunnen til at Mistwalker no vil gå i gong med ein konsollversjon er Terra Battles noko spesielle lanseringsprosess. Spelet blei lansert med det utviklarane valde å kalle «Download Starter». Dette er ein prosess der utviklarane sette seg mål der dei etter kvart som dei nådde fleire og fleire nedlastingar ville by på nytt innhald til spelet. Ved 2 millionar nedlastingar var målet å gå i gong med ein konsollversjon av rollespelet. Eit mål dei no har nådd.

Gjennom det halve året som har gått sidan lansering har spelet fått mykje nytt innhald, samt nye heltar teikna av kjende profilar frå det japanske spelmiljøet, samt musikk frå fleire kjende komponistar som til dømes Final Fantasy-komponist Nobuo Uematsu og Kingdom Hearts-komponist Yoko Shimomura. Totalt har Mistwalker samla saman det meste som kan krype og gå blant japanske rollespel-ikon for å bidra til spelet.

Kva vi har i vente når Terra Battle omsider kjem til konsoll er for tidleg å seie, men Sakaguchi har tidlegare sagt at det ikkje vil bli det same spelet, men eit skikkeleg rollespel. Sidan utviklinga ikkje startar før no, er det sannsynlegvis best å smøre seg med rikelege mengder tolmod.

Medan du ventar kan du eventuelt ta ein kikk på dei nyaste Final Fantasy-spela frå Square Enix. I mars lanserte dei Final Fantasy Type-0, og der vi òg fekk med ein demo av Final Fantasy XV.

Siste fra forsiden