Final Fantasy-trilogi kjem til PC

Om du ikkje får nok Lightning, har Square Enix gode nyhende til deg.

For dei som elskar japanske rollespel har konsollgenerasjonen nett har lagt bak oss vore dominert av eitt Final Fantasy-spel. Final Fantasy XIII blei kunngjort før konsollgenerasjonen starta for fullt, og enda etter ein lang utviklingsprosess opp med å bli ein trilogi. Det siste spelet i den trilogien var Lightning Returns som blei lansert i februar.

Meiningane rundt denne trilogien har vore svært delte, men ein ting har mange spelarar vore samde om; kvifor fekk vi ingen PC-versjon?

Dette har Square Enix retta opp i ved å sende ut ei pressemelding der dei fortel at heile Final Fantasy XIII-triologien er på veg til Windows PC. Det vil kunne kjøpast digitalt via blant anna Steam og Square Enix sin eigen nettbutikk.

Vårt første glimt av Final Fantasy XIII på PC.

Final Fantasy XIII vil bli tilgjengeleg på PC allereie 9. oktober. Final Fantasy XIII-2 og Lightning Returns: Final Fantasy XIII har ikkje fått dato enno, men vi blir lova at dei vil bli tilgjengelege til våren.

Kor vidt spela vil få forbetringar, om det så er i mekanikkane eller gjennom det visuelle seier ikkje pressemeldinga noko om. Vi har likevel fått eit skjermbilete som sterkt hintar om at vi ikkje kan vente oss noko anna enn ei direkte portering.

Delte meiningar

Sjølv om vi har likt Final Fantasy XIII-trilogien her i huset er ikkje alle like einige. Som med dei fleste andre spel i Final Fantasy-serien har spelarane hatt svært delte meiningar, der nokre meiner Final Fantasy XIII er det beste som har skjedd serien, medan andre meiner heile greia har vore ein enorm nedtur.

Lightning Returns som var det siste spelet i trilogien, er spelet som braut mest med den tradisjonelle Final Fantasy-formelen, og sende oss ut på eit langt meir actionorientert spel i rolla som hovudpersonen Lightning.

Kva du enn måtte meine om trilogien ser Square Enix ut til å vere nøgde sidan dei tre spela samla har selt over 11 millionar kopiar.

Om du føretrekk Final Fantasy-spel av litt eldre dato bør du ha fått med deg den glimrande restaureringa av Final Fantasy X og Final Fantasy X-2.

Siste fra forsiden