Final Fantasy V til iOS

Square Enix utvidar mobilstøtta si.

Det herskar liten tvil om at Square Enix helst vil ha Final Fantasy-serien inn på alt som kan krype å gå av plattformer. Om det så er storproduksjonar til konsoll eller PC, portable rollespel til dei handholdte konsollane, eller gamle spel i ny form på mobiltelefonar.

Dei siste åra har Square Enix jamt og trutt auka satsinga på smarttelefonar med ei lang rekke spel som stort sett har hatt ein solid fot innan rollespelsjangeren. Final Fantasy I, II og III har alle vore tilgjengelege ei stund allereie, og i går blei Final Fantasy IV – basert på DS-versjonen av spelet som originalt kom til Super Nintendo – lansert til iOS.

I samband med den lanseringa slapp dei laus ein trailer for å freiste dei som enno ikkje har prøvd spelet, eller kanskje skulle ha eit ynskje om å spele det igjen. Det mest interessante med denne traileren er derimot korleis den sluttar. Heilt til slutt i traileren du kan sjå nedanfor får vi vite at Final Fantasy V snart kjem til mobil, sjølv om traileren ikkje direkte spesifiserer om dette gjeld meir enn berre iOS. Dette er derimot ikkje alt, sidan kunngjeringa av Final Fantasy V blir etterfølgd av orda «og meir».

Slik såg Final Fantasy V ut i si tid.

Nøyaktig kva det betyr er det sjølvsagt for tidleg å seie noko om. Final Fantasy V har blitt lansert til nye plattformer som GameBoy Advance og PlayStation Network, men i motsetning til Final Fantasy I, II, III og IV har ikkje spelet blitt oppussa med flunkande ny grafikk.

Om Final Fantasy V til iOS blir ei total renovering gjenstår å sjå. I alle høve blir det spanande å sjå kva Square Enix meinar med «og meir», og om Final Fantasy VI og dei seinare PlayStation-spela tar steget over på mobile plattformer. Medan vi ventar kan du sjå iOS-traileren til Final Fantasy IV nedanfor.

Les også: Ukens podcast: Final Fantasy-spill på Super Nintendo Les også: Square Enix med gigantisk Final Fantasy-samling

Siste fra forsiden