Final Fantasy VII gjenskapt i LittleBigPlanet 2

Imponerande stykke arbeid frå einsleg eldsjel.

Ein av dei verkeleg store klassikarane frå Square Enix si storheitstid på 90-talet er Final Fantasy VII. Dette smått legendariske spelet har enda opp med å få diverse avkom i form av både spel og film, men det dei store fanskarane verkeleg har håpa på er at Square Enix skal lage ein ny versjon med fjongande flott grafikk. Ryktebørsen har gått fram og tilbake om spelet, utan at noko har materialisert seg.

Difor er har LittleBigPlanet 2-spelaren Jamie Colliver brukt dei siste seks månadane på å gjere jobben sjølv, i LittleBigPlanet 2, fortel PSU.com. LittleBigPlanet 2 er som kjent eit svært kreativt spel til PlayStation 3 som gjev deg valet om du berre vil spele for moro skuld, byggje opp eigne spel, eller som i Colliver sitt høve gjenskape eit stykke historie.

Colliver har brukt Final Fantasy VII-kostyma som allereie er tilgjengelege for LittleBigPlanet 2, men har utover det bygd opp alle monster, område, skrudd saman all musikken, samt inkludert all dialog. Som om det ikkje var nok har han sørgja for at spelet kjem med eit skikkeleg kampsystem, samt superangrepa Limit Break. På toppen av det heile har versjonen hans ein versjon av Materia-systemet frå originalspelet.

Spelet er fordelt over 20 forskjellige nivå, og om du tek ein tur innom Colliver sin YouTube-kanal kan du få sjå seks videoar frå kreasjonen hans. Opningssekvensen kan du sjå nedanfor.

Les også: Final Fantasy VII er relansert på PC Les også: Intervju: Final Fantasy XIII-2

Final Fantasy VII i LittleBigPlanet

Siste fra forsiden