Final Fantasy X-duo til PS3 og Vita

Den oppgraderte versjonen av Final Fantasy X kjem saman med oppfølgjaren.

Det er godt over eit år sidan Square Enix kunngjorde at dei ville lage ein ny versjon av PlayStation 2-rollespelet Final Fantasy X til PlayStation 3 og PS Vita. Sidan den tid har det vore veldig stille rundt relanseringa. Tidlegare i år kom dei aller første glimta av korleis HD-versjonen av Final Fantasy-spelet blir sjåandes ut.

Via Gematsu får vi vite at Final Fantasy X ikkje blir det einaste Final Fantasy-spelet som får ein finpuss. PlayStation3-versjonen av spelet vil innehalde både Final Fantasy X og oppfølgjaren Final Fantasy X-2. Om du heller vil ha spela på PS Vita ser det derimot ut til at du må kjøpe dei kvar for seg.

Begge spela vil bli baserte på International-versjonane. I International-versjonane av Final Fantasy-spel får vi som regel mykje ekstra innhald i forhold til originalane, men desse har stort sett berre vore tilgjengelege i Japan. Kor vidt desse oppussa versjonane kjem til Europa er ikkje heilt klart enno, sidan informasjonen om Final Fantasy-duoen kjem frå det japanske bladet Jump.

I Final Fantasy X møter vi lysluggen Tidus som reiser rundt i verda Spira saman med eit variert følgje krigarar og magikarar for å kjempe mot den store vondskapen. I oppfølgjaren Final Fantasy X-2 fekk vi eit mykje meir leikent og lystig eventyr der eit trekløver som inkluderte Yuna og Rikku frå Final Fantasy X, samt nykomaren Paine, reiste ut på nye eventyr.

Sistnemnde stakk seg hardt ut frå tidlegare Final Fantasy-spel ikkje berre for den muntre tonen, men og fordi kampsystemet baserte seg på at dei tre heltinnene kunne skifte kostyme midtvegs i ein kamp for å få tilgang på nye eigenskapar. Dette kampsystemet kan på mange måtar seiast å vere forløparen til Paradigmesystemet i Final Fantasy XIII.

Les også: Anmeldelse: Final Fantasy XIII-2 Les også: Tilbakeblikk: Chrono Trigger

Siste fra forsiden