Final Fantasy X/X-2 har fått PlayStation 4-dato

Yttarlegare forbetringar på veg for dei som vil få med seg klassikaren ein gong til.

For omlag eit år sidan lanserte Square Enix ei samlepakke der vi fekk PlayStation 2-spela Final Fantasy X og Final Fantasy X-2 i ei oppussa utgåve med betre grafikk og nye tolkingar av musikken i spela.

På tampen av fjoråret avslørte Square Enix at samlepakka ville kome til PlayStation 4 i år. Dei sa derimot ingenting om kva nytt vi eventuelt ville ha i vente, og når det ville bli lansert.

I ei presemelding tysdag har vi fått dei første konkrete detaljane. Final Fantasy X/X-2 HD Remaster vil bli lansert i Europa 15. mai, og vil by på nokre forbetringar i forhold til fjorårets utgåve til PlayStation 3 og PlayStation Vita.

Ny grafikk og gammal musikk

Zanarkand ventar på enda eit gjensyn.
Zanarkand ventar på enda eit gjensyn.

Grafikken vil få seg enda eit løft i PlayStation 4-utgåva.. Presist kva som blir betre kjem ikkje fram av pressemelding, men Square Enix har sendt med nokre skjermbilete som lar deg døme sjølv.

Eit for mange gledeleg tillegg vil vere at PlayStation 4-utgåva vil la deg velje mellom å spele dei nye versjonane av musikken i spelet, eller å heller høyre på originalversjonane. Mykje av musikken i HD-utgåva av spela var spelt inn på ny, og sjølv om det var gjort ein god jobb med dette, var det ikkje alle som var like glade for endringane.

Til sist får vi vite at spelet vil kunne spelast på tvers med PlayStation 3- og PlayStation Vita-versjonane. Om du allereie har ei tidlegare utgåve av samlepakka vil du altså kunne halde fram der du slapp i staden for å måtte starte på ny.

Om du enno ikkje har fått med deg Final Fantasy X er dette ein god sjanse. Samlepakka fekk svært god mottaking då den først blei lansert i fjor, og vi gav den ni sterke poeng.

Final Fantasy X/X-2 HD Remaster blir ikkje det einaste Final Fantasy-spelet på PlayStation 4 denne våren. Final Fantasy Type-0 lanserast på PlayStation 4 og Xbox One seinare denne månaden, og med det spelet får du ein demo av Final Fantasy XV.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen