Final Fantasy X/X-2 kjem til PlayStation 4

Ny sjanse for dei som ikkje har PlayStation 3 eller Vita.

I slutten av mars i år lanserte Square Enix Final Fantasy X/X-2 HD Remaster på PlayStation 3 og PlayStation Vita. Dette var ei samlepakke der vi fekk dei to Final Fantasy X-spela med ny og penare grafikk, nyinnspelt musikk, og meir innhald enn i originalutgåvene.

No er samlepakka på veg til PlayStation 4, får vi vite i ei pressemelding. Der stadfester Square Enix at den nye versjonen vil kome til Europa. Rykta om dette byrja først å svirre på mandag sidan den franske Square Enix-nettbutikken la opp ei produktside for spelet. Den blei raskt fjerna, men ikkje raskt nok.

PlayStation 4-versjonen av Final Fantasy X/X-2 vil bli lansert i løpet av våren, og vil by på PlayStation 4-eksklusive funksjonar. Kva desse er, og om dei vil inkludere enda betre grafikk, har ikkje Square Enix sagt noko om. Ei heller har dei informert sagt noko om kor vidt PlayStation 4-versjonen vil støtte lagring på tvers av konsollar, slik ein kan gjere med Vita- og PlayStation 3-versjonane.

Gåvepakke til JRPG-fans

Tidus er tilbake igjen til våren.
Tidus er tilbake igjen til våren.

Vi var svært nøgde med arbeidet Square Enix hadde gjort for å gje ein ny generasjon sjansen til å spele Final Fantasy X, og gav det ni poeng:

«Final Fantasy X står som ein viktig bauta i Final Fantasy-seriens historie, og sjølv om det viser sin alder både her og der, er det eit spel som held seg svært godt den dag i dag. For min del er det eitt av dei aller beste i serien, og saman med den solide oppfølgjaren og alt ekstrainnhaldet samlepakka byr på, er Final Fantasy X/X-2 HD Remaster ei gedigen gåvepakke til JRPG-entusiastar.»

Final Fantasy X og X-2 er ikkje dei einaste Final Fantasy-klassikarane på veg til PlayStation 4. I helga kunngjorde Square Enix at legendariske Final Fantasy VII vil få PlayStation 4-lansering neste år. Det viste seg derimot raskt å vere eit gigantisk anitklimaks, sidan det berre er snakk om ei portering av spelets PC-versjon.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen