Final Fantasy XIV får sin første ekspansjon til våren

Snart kan du klatre deg opp enda noen erfaringsnivå, eller prøve deg på en ny rase.

Våren 2015 får Final Fantasy XIV: A Realm Reborn si første ekspansjonspakke. Den komande oppdateringa har fått namnet Final Fantasy XIV: Heavensward og vil ta oss med til staten Ishgard. Der får vi ta del i Dragonsong War, ein blodig krig som har vart i tusen år. Det fortel Gematsu. Kunngjeringa skjedde via ei direktesending i samband med Final Fantasy Fan Festival i Las Vegas.

Utvidinga skal by på massive nye område som vil rivalisere dei største av områda i A Realm Reborn. Der vil vi finne nye dungeons, nye raids for erfarne spelarar, samt mykje nytt utstyr. Utvidinga vil i tillegg by på nye jobbklassar, samt ein ny spelbar rase, sjølv om detaljane rundt denne ikkje er gjort kjende.

Om ein ny rase ikkje freistar, vil nivåtaket bli auka frå 50 til 60.

Vanskeleg utvikling

Skjermbilete frå Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.
Square Enix

Final Fantasy XIV blei først lansert hausten 2010, og blei slakta sønder og saman. Spelet var ei uferdig smørje som gav spelarane svært få grunnar til å bruke tid på det.

I staden for å droppe spelet valde Square Enix å byte ut fleire sentrale personar på teamet, og byggje opp igjen spelet frå grunnen av. Resultatet blei Final Fantasy XIV: A Realm Reborn, som blei lansert for PlayStation 3 og PC på seinsommaren i fjor. Det var eit langt betre spel, sjølv ei heller denne versjonen var blant dei beste i sjangeren, i følgje vår anmeldar.

Final Fantasy XIV: A Realm Reborn blei òg lansert på PlayStation 4 i vår.

Om du er klar for meir Final Fantasy XIV kan du ta ein kikk på den første filmatiske traileren nedanfor.

Siste fra forsiden