Final Fantasy XIV gjenoppstår i august

Vegen har vore lang og vond, men no er lanseringsdatoen spikra.

Å overleve i den stadig større jungelen med MMO-spel er ikkje lett. I kampen om spelarane har fleire og fleire spel har gått over til forskjellige gratismodellar, og sløyfar den tradisjonelle abbonementsløysinga som har kjenneteikna sjangeren i mange år.

Eit spel som har nekta å døy er Final Fantasy XIV. Etter den katastrofale lanseringa i 2010 har Square Enix insistert på å fikse spelet i staden for å droppe det, kosta kva det koste ville.

Denne jobben er dei no snart ferdige med, og spelet har fått undertittelen A Realm Reborn. Etter lengre tid med offentleg testing – betafasen pågår framleis – har utviklarteamet no sett seg så pass ferdige med spelet at dei har nagla fast ein solid dato på tavla. 27. august kan alle som vil ta turen tilbake til verda Eorzea enten på Windows-PC-ar eller på PlayStation 3.

I motsetning til fleire andre MMO-spel på marknaden vel Square Enix å halde fast på abbonementsmodellen. I ei pressemelding skriv Square Enix at du må betale 10,99 euro i månaden for å leggje ut på eventyr i Final Fantasy-universet.

Alle som førehandskjøper spelet vil få tidlegare adgang til spelet enn alle andre, og om du er ein av dei som kjøpte spelet i sin første versjon vil denne låse opp A Realm Reborn utan ekstra kostnadar.

Les også: MMO-spelet Rift blir gratis Les også: MMO-spill med samlekortkamp

Siste fra forsiden