Final Fantasy XV-demoen blir oppdatert

Square Enix gjer endringar basert på publikums tilbakemeldingar.

Etter mange års venting fekk vi endeleg vårt første møte med storspelet Final Fantasy XV førre månad. Då lanserte Square Enix ein demo frå spelet saman med Final Fantasy Type-0. Denne demoen gav oss eit stort område å utforske. Der kunne vi ta på oss på nokre oppdrag, bli litt betre kjende med hovudpersonane, samt prøve oss på det nye kampsystemet.

Ei tid etter at demoen var lansert bad Square Enix om tilbakemeldingar får publikum, og i ein videoblogg frå Square Enix, som du kan sjå nedanfor, har utviklarane fortalt kva spelarane har meint tida dei fekk tilbringe i spelet. Basert på desse tilbakemeldingane vil Square Enix i slutten av mai oppdatere demoen.

Forbetra kampsystem

Square Enix vil gi deg ein grunn til å gå tilbake til Final Fantasy XV-demoen.

Denne nye versjonen av Final Fantasy XV: Episode Duscae vil kome med ei rekke forbetringar for kampsystemet. Parangrep vil bli forbetra, balansen vil få seg ei overhaling, og du vil få fleire ting å gjere når du først er i kamp. I tillegg har utviklarane høyrt på spelarar som synest kameraet ikkje var godt nok, og jobbar med å forbetre dette.

Spelflyten skal òg bli betre gjennom betre biletefrekvens, og dette er ei av topprioriteringane til utviklarane akkurat no. Målet er å få det ferdige spelet opp i full HD, men at biletefrekvensen er det viktigaste sidan den har direkte innverknad på gameplayet.

Batman-stemme vekker reaksjonar

Square Enix har òg fortalt ein del om kva tilbakemeldingar dei har fått etter Fi inal Fantasy XV-demoen, og kva dei tenkjer om desse. Spelarar frå USA reagerte mest på skodespelet. Mange har fortalt at hovudpersonen Noctis høyrdest ut som Batman, noko som ikkje fungerte heilt sidan han framstår som ein ganske ung mann. Dette skal allereie vere endra i det fulle spelet, sidan utviklarane merka at skodespelet blei feil hakket for seint for å gjere noko med det før demoen blei tilgjengeleg.

Kampane vil bli betre i demoens nye versjon.

For Europeiske spelarar er det ikkje skodespelet som rangerer høgst blant irritasjonsmomenta. I staden er det mekanikaren Cindy som mange meinte var hakket for sexy. Regissøren fortel at meininga aldri var at ho skulle vere ein erotisk karakter, og at dei ikkje vil endre konseptet, men at dei vil sjå på korleis ho blir portrettert.

Mange har i tillegg ytra eit ynskje om å få kvinner med i gjengen som spring rundt i spelet. Final Fantasy XV har eit «gutta på tur»-tema, og regissøren fortel at noko av målet er å vise korleis gutar er når dei berre er med kvarandre. Han seier òg at det vil bli moro å sjå korleis oppførselen deira endrar seg når nokon andre er i nærleiken. Han ber oss vidare om å sjå fram til kva som skjer når gjestar dukkar opp i gruppa.

Final Fantasy XV vil ikkje vere på årets E3-messe i meir enn trailerform, men Square Enix lovar eit stort fokus på spelet under årets GamesCom-messe i august. Der skal vi kunne sjå fram til store nyhende rundt spelet.

Les også
Anmeldelse: Final Fantasy XV

Siste fra forsiden