Final Fantasy XV er ferdig

Det etterlengta rollespelet får imponerande ny trailer, og fleirspelarmodus.

Heilt sidan Final Fantasy XV først blei vist fram under namnet Final Fantasy Versus XIII for ti år sidan, har det komande storspelet vore eit av dei mest etterlengta rollespela frå Square Enix. Utviklingsprosessen har vore lang, i mange auge treg, og tørste fans har i mange år sett seg nøydde til å ta til takke med berre håpet om at eit nytt år skulle gje eit nytt glimt av spelet.

No er derimot ventetida over. Spelet lanserast 29. november til PlayStation 4 og Xbox One, og den endelege beskjeden alle har venta på er her; Final Fantasy XV er ferdig utvikla.

Square Enix feirar den store dagen med ein av sine mest imponerande trailerar så langt. Som mange andre promofilmar frå Square Enix er filmen produsert av filmavdelinga Visual Works, og byr på eit innblikk inn i psyken til hovudpersonen Noctis. Du kan sjå den i toppen av artikkelen.

Sa du fleirspelarmodus?

Kunne du tenkje deg å gjere dette saman med tre vener?
Kunne du tenkje deg å gjere dette saman med tre vener? Bilde: Square Enix

Som dei fleste andre storspel i moderne tid, får Final Fantasy XV ei solid dose ekstrainnhald etter lansering. Dei første DLC-pakkane vil la deg spele som hovudpersonen Noctis sine tre vener Gladius, Prompto og Ignis. Kvar av venene får ein eigen episode som vil by på nytt historieinnhald, nye område, og gameplay tilpassa dei individuelle karakterane.

Mest interessant er likevel kanskje nyhenda om at Final Fantasy XV får ein fleirspelarmodus. Eurogamer fortel at denne er eit godt stykke unna sidan utviklinga av ekstramateriellet ikkje formelt starta før i sommar. Konkrete detaljar om korleis denne delen av spelet vil fungere har ikkje Square Enix gått ut med enno. Til Eurogamer fortel Haruyoshi Sawatari frå Square Enix at dei bestemte seg for å lage ein fleirspelarmodus etter at planen om å lage individuelle episodar for alle hovudpersonane.

Final Fantasy XV er ikkje det einaste etterlengta japanske spelet som etter mange års utvikling skal lanserast denne hausten. I helga kom endeleg beskjeden om at Team ICOs The Last Guardian er ferdig, og har stø kurs mot lanseringa den 7. desember.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen