Final Fantasy XV har fått ny regissør

Tetsuya Nomuras arbeid er ferdig, og han vil no fokusere på Kingdom Hearts III.

Det har vore ein hektisk dag i Final Fantasy-land. Vi har fått stadfesta både ein dato for Final Fantasy Type-0, som vil kome saman med ein demo av Final Fantasy XV neste år, samt at Final Fantasy XIII-trilogien kjem til PC.

På toppen av det heile har Square Enix via bloggen sin informert om at Tetsuya Nomura som har fungert som Final Fantasy XVs regissør så langt, no har avslutta den jobben. Vi blir fortalt at dette på alle måtar er ein god ting. Nomuras jobb var i hovudsak å få scenarioet, verda og karakterane på plass. Denne jobben er no over, og sidan utviklingsprosessen i følgje Square Enix går svært bra, vil han tre til side for å fokusere på andre prosjekt.

Av og til er det best å seie høgt nei, før du ryggar hardt.
Av og til er det best å seie høgt nei, før du ryggar hardt.

Størst av dei prosjekta er utan tvil Kingdom Hearts III som blei avslørt under E3-messa i fjor.

Personen som vil overta regissørstolen og føre Final Fantasy XV trygt i hamn er Hajime Tabata. Han er best kjend for å ha regissert både Crisis Core: Final Fantasy VII, samt Final Fantasy Type-0.

Spela vil blir ferdige tidlegare

Vidare i Square Enix-bloggen kan vi lese at Nomuras overgang til å i hovudsak fokusere på Kingdom Hearts III vil sørgje for at begge spela vil bli ferdige raskare. Sidan Nomura har vore oppteken med Final Fantasy XV i svært mange år no, meiner Square Enix det er betre at han dreg i gong utviklinga av Kingdom Hearts III for alvor, i staden for å bruke tida si på å oversjå den siste finpussen.

Dette er godt mogleg eit svært klokt val sidan utviklinga av Final Fantasy XV har teke uhorveleg lang tid. Det blei kunngjort som Final Fantasy Versus XIII i 2006, og sidan den gong har Final Fantasy-fansen levd på eit vagt håp om at kvart nye år kanskje vil by på noko nytt om spelet.

Om det er nytt du vil ha, skal du få det. Square Enix har lagt ut ein rykande fersk og omfattande trailer for Final Fantasy XV, og den kan du sjølvsagt sjå nedanfor.

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen