Anmeldelse

Final Fantasy

Final Fantasy er eit lite stykke kulturhistorie. Det var kanskje ikkje det første japanske rollespelet, sidan Dragon Quest-serien allereie hadde starta sin dominans i Japan, men det var det første spelet der produsenten Hironobu Sakaguchi, musikaren Nobuo Uematsu og teiknaren Yoshitaka Amano stod saman om eit spel. Dette spelet skulle bli starten på eit verdsomfattande fenomen. I utgangspunktet var spelet tenkt som det siste spelet frå eit utviklarstudio på randen av konkurs, men det er jo temmeleg opplagt at det ikkje skjedde.

Det kom nye utgåver i serien med jamne mellomrom, og dei hadde ein ting felles: sjølv om alle hadde tittelen Final Fantasy, hadde dei ingen historiemessige lenkjer til kvarandre. Dei var alle satt til unike verder, dei hadde eigne historier, og var heilt frittståande eventyr. Etter kvart som nye kapittel dukka opp i serien, dukka i tillegg kjende skapningar som chocobo-fuglane og dei loddne mooglane opp.

Både Sakaguchi og Uematsu har no slutta i Square Enix, og kort tid etter det skjedde, har Square Enix forandra seg. I staden for å fokusere på frittståande spel godt plasserte i eigne verder, kjem det no eit enormt utval av sidehistorier til allereie eksisterande spel, samt nye utgåver av gamle spel. Det første Final Fantasy-spelet har allereie rukke å kome ut i ei rekke utgåver, blant anna til PlayStation og Game Boy Advance, og no står PSP for tur.

Den spede byrjinga

Historia, om vi kan kalle den det, lar oss møte fire heltar. Desse må redde verda ved å vekkje til live fire krystallar, og ved å kjempe mot forskjellege monster. Det er så enkelt, og det blir ikkje meir avansert heller. Om du spelar rollespel for å miste deg sjølv i ei engasjerande historie som snur og vrir seg gjennom terrenget som ein slange utan retningssans, har du kome til feil plass.

Ved sidan av ei historie utan driv, er kampsystemet like primitivt som ein kan forvente seg frå eit av dei aller første turbaserte rollespela. Du hamnar i kamp, vel kva fiendar dei fire heltane i gruppa skal angripe, og ser slaga bli delt ut etter tur. Etter dette får du dine erfaringspoeng, og går opp i erfaringsnivå. Dette høyrest kanskje veldig ut som kva som helst av dei meir moderne rollespela, og det er det òg, men dei strategiske elementa er minimale. Du treng så godt som aldri tenkje over kva du gjer, så lenge du brukar noko som gir skade kan du vinne. Det einaste som eigentleg skiljar ein magikar frå ein krigar, er animasjonen.

I tråd med å vere blant dei første rollespela, var Final Fantasy samtidig blant dei første som introduserte kampar på tilfeldige tidspunkt. Ein måte å handtere kamp på som blei til grunna mangelen på maskinkraft i stand til å vise alle fiendar vandrande rundt til ei kvar tid. I Final Fantasy skjer desse tilfeldige kampane så ofte at det blir eit kraftig irritasjonsmomentet, til og med for dei som generelt sett likar tilfeldige kampar (meg sjølv inkludert).

Du kan ofte ikkje gå meir enn nokre få steg før du hamnar i kamp. Om du får gå over heile skjermen før noko skjer, høyrer dette til unntaka. Det blir i meste laget veldig kjapt, og det kan tære på tolmodet. Du hamnar i grotter som er bygde opp etter eit labyrintprinsipp av verste sort, der du ikkje eingang har eit kart å hjelpe deg med. Å finne beistet du er der for å drepe, blir ikkje berre ein kamp mot monster, men samtidig ein kamp mot tolmodet. Dette er noko som samtidig endar opp med å gjere spelet alt for lett. Sidan du hamnar i enormt mange kampar på vegen mot ein sjefskamp, vil du kome deg opp i så høgt nivå før den viktige kampen, at den berre blir barnemat.

Like vanedannande som alltid

Spelet har likevel ei eige evne til å engasjere. Sjølv om du kanskje blir litt oppgitt av å hamne i ein ny kamp berre to sekund etter du avslutta den førre, blir ti minutt raskt til ein time, og ein time blir til to. Suget etter å bli sterkare, få nye våpen, og å drepe den neste sjefen gir seg ikkje. Spelet er i så måte eit trygt spel å ta med seg på ei lengre reise.

Det oppstår likevel eit problem om du skulle vere så dum å leggje frå deg spelet ein dag eller to. Om du ikkje hugsar ting på linje med ein elefant, vil du raskt stå på bar bakke, der du ikkje anar kvar du skal gå. Spelet gir deg inga hjelp heller, og du endar opp med å traske fram og tilbake på jakt etter eit lite hint om kvar du eigentleg skal. I så måte er det til stor hjelp at du kan hente fram eit kart når du traskar mellom byar, men kvifor du må trykkje på både sirkel og select samtidig for å få det fram, er eit tungvindt konsept som er litt vanskeleg å forstå. Det er nok av ledige knappar på maskina til at ein enkelt kunne ha vore brukt til dette.

Det mest positive ved Final Fantasy på PSP er den grafiske oppjusteringa. Spelet er sjølvsagt i breiskjerm-format, og alt i spelet, frå monster til bakgrunnar har blitt teikna på ny. Det er sylskarpt og vakkert, og mange små detaljar pustar ekstra liv inn i spelet. Musikken har blitt spelt inn på ny, og den høyrest betre ut enn nokon gong. Med tanke på kor gammalt dette spelet eigentleg er, er det litt imponerande å sjå kor godt musikken har haldt seg opp gjennom åra.

Konklusjon

For å vere over tjue år gammalt, held Final Fantasy seg overraskande bra. Det har sjarm i bøtter og spann, og maktar absolutt å engasjere deg i ei god stund. Det er likevel svært tydeleg at dette trass alt er eit svært gammalt spel. Historia er ei einaste stor klisjé, og den maktar aldri å engasjere utover det å gi deg ein grunn til å drepe beist. For det er akkurat det du kjem til å bruke tida di på; kamp etter kamp, etter kamp. Det er kanskje ikkje eit avansert spel, men det har likevel sin sjarm, og ein blir engasjert. Flott musikk og nydeleg grafikk gjer i tillegg sitt til å gjere dette til den beste versjonen av spelet så langt.

Det er likevel eit spel for nostalgikarar, og om du ikkje har spelt Final Fantasy enno, er det litt tvilsamt om du har ein stor grunn til å gjere det no

Vurdering


Final Fantasy PSP PSP 5/10 iPhone Android 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: PlayStation Portable
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen