Anmeldelse

Final Fantasy I & II: Dawn of Souls

Final Fantasy I & II: Dawn of Souls er eit godt eksempel på korleis ein kan teste teorien om at dei gamle alltid er best. Sjølv om dei fleste svergar til at Final Fantasy VII er det beste Final Fantasy-spelet til dags dato (noko som i og for seg ikkje er så rart sidan dette er det første spelet som var lett tilgjengeleg i Europa), er det også mange som hevdar at sidan det geniale Final Fantasy I, har alt gått nedover.

Om det har gått nedover er vel ein diskusjon eg ikkje skal blande meg inn i, men at det er kvalitet over dei to første spela i ein av verdas største suksesshistorier, er det absolutt ingen tvil om. Det som lett kan slå deg når du kosar deg med desse to spela er at for konsollrollespela har det eigentleg ikkje skjedd så forferdeleg mykje på tjue år. Det er fortsatt mange som svergar til den trygge følelsen av eit kampsystem som er praktisk talt idiotsikkert. Først i nyare tid ser vi at mange styrer vekk frå det tradisjonelle turbaserte kampsystemet, gjerne til fordel for noko som kan få deg til å svette litt.

Kampsystemet som tok over verda
Kampsystemet i dei to første Final Fantasy-spela er så og seie identisk med kvarandre. Du går rundt på kartet, får ein tilfeldig kamp i fanget, og veljer ut ordre etter tur. Den største forskjellen i forhold til nyare spel er at du i større grad er fri til å bestemme nøyaktig kva kvar av karakterane skal vere gode i. Det er ingen forhandsbestemte krigarar eller magikarar. Alle kan brukast til alt, om du vil. Ved å gå rundt i butikkar og kjøpe våpen eller magibøker til karakterane dine, kan du lære dei opp, og det blir ein del strategisk planlegging for kva du vil bruke kvar enkelt karakter til. Alt du veljer å bruke ein karakter til, vil hindre han i å bli betre i noko anna. Samtidig blir kampsystemet meir enn å berre trykke konsekvent på A. Tempoet er høgt, og du vil få bruke for dine taktiske eigenskapar.

Final Fantasy I er kanskje det minst lineære spelet i heile Final Fantasy-serien (sjølvsagt med unntak av Final Fantasy XI som er eit online-spel). Her veljer du karakterane du vil bruke, kva klasse dei skal vere, og til slutt gir du dei namn. Dette betyr sjølvsagt at historia ikkje blir fullt så innvolverande som i seinare Final Fantasy-spel. Final Fantasy II utforskar dette i litt større grad, men ikkje nok til at du ser på figurane som noko anna enn det dei er; figurar på skjermen. Dei store emosjonelle aspekta som serien er kjend for uteblir. Det er kanskje på dette punktet Final Fantasy-serien har utvikla seg mest. Dei første spela handlar om å reise på eventyr, og bygge opp karakterar. Gripande historier som har dukka opp i seinare spel er ikkje noko du får her, men heller klassiske helteberetningar om ein gjeng emd eventyrarar som går til krig mot vonde makter.

Ikkje så mykje nytt
Final Fantasy I & II: Dawn of Souls er praktisk talt identisk med Final Fantasy Origins til PSOne. Den einaste forskjellen er eigentleg at du no kan lagre spel når du føler for det, noko som absolutt er eit pluss sidan ting raskt tek tid. Ein anna ny ting er to nye område, eit i kvart av spela. Desse byr på nye historiedelar og utfordringar og er eit positivt pluss til ei pakke som ellers er identisk med Final Fantasy Origins. Square Enix har også tatt seg bryet med å forbetre dialogen i visse delar av spelet, og helle på med litt fleire gjenstandar og monster. Om dette er nok til å rettferdiggjere eit kjøp om du allereie har dei tidlegare versjonane er heller tvilsomt, men det er absolutt eit must for dei som enda ikkje har fått med seg desse perlene.

Grafisk har det ikkje skjedd mykje sidan Final Fantasy Origins, men det ser riktig bra ut på den vesle Game Boy Advance-skjermen. Det kjem ikkje opp mot nyare spell som Legend of Zelda: The Minish Cap, men det er klart, fargeritk og tydeleg, og eit seriøst løft om ein samanliknar med originalversjonane til Nintendo. Lyden er også forbetra, og det er lett å høyre kva som har gjort Nobuo Uematsu til ein av verdas mest anarkjende komponistar for videospel. Det er minst like mange klassiske perler her som du finn i alle andre Final Fantasy-spel, og dei høyrest alle imponerande bra ut på Game Boy Advance.

Konklusjon
Det blir lett å sjå at det ikkje er på alle frontar utviklinga har gått særleg langt, men av og til er det ein god ting. Formelen til Final Fantasy-spela har fungert svært bra så langt, sjølv om det nok er ein del der ute som ikkje kan fordra tilfeldige kampar og det turbaserte kampsystemet. Uansett kva du måtte meine om akkurat det, er Final Fantasy I & II: Dawn of Souls eit av dei beste kjøpa du kan få tak i Game Boy Advance akkurat no. Du får to enorme spel som kan halde deg gåande i hundre timar, om ikkje to hundre, og akkurat det er det ikkje enkelt å slå. Final Fantasy I & II: Dawn of Souls er ikkje berre der det heile starta, det er også to fantastisk gode spel til prisen av eit.

Vurdering


Final Fantasy I & II: Dawn of Souls GBA GBA 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. desember 2004
  • Plattform: Game Boy Advance
  • Utvikler: Square Enix

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen