Anmeldelse

Final Fantasy IV

Med unntak av ei utgåve til Game Boy Advance i 2006, kom Final Fantasy IV aldri til Europa. Tidspunktet for relanseringa på Game Boy Advance var kanskje ikkje det beste, sidan den vesle maskina var på veg ut, og Nintendo DS var godt på veg inn. Difor er det svært gledeleg at folk flest no endeleg kan få auga opp for ein gammal klassikar.

Historia i spelet er så godt som uforandra frå originalen, og med det i tankane er det ganske imponerande kor mykje ein før i tida kunne fortelje gjennom todimensjonale figurar i ei svært sparsam oppløysning. Dette gjeld på sett og vis for DS-utgåva òg. Bak lettare deformerte figurar som mest av alt sender tankane tilbake til Final Fantasy IX, finn vi ei historie spekka med dramatikk, uventa hendingar, og det eine dødsfallet etter det andre. Det er ganske godt gjort å fortelje ei så seriøs historie gjennom karikerte figurar og store naser, men Square Enix og utviklarane hos Matrix Software har fått det til.

Ein utypisk helt

Vi følgjer Cecil, ein kaptein i «Red Wings of Baron», og eit følgje med varierte og interessante personar. Cecil er på ingen måte ein typisk hovudperson for eit japansk rollespel. Han er ingen fortapt liten gut som ikkje hugsar noko som helst. Han er ein soldat, ein krigar, og han innser etter kvart at dei tinga han blir beden om å utføre for kongen, er meir enn han kan akseptere.

Å leggje seg ut mot kongen gjer du ikkje ustraffa, og raskt er han utstøytt og finn seg sjølv ganske aleine. Dette varer likevel ikkje lenge, og etter kvart endar han med med eit solid følgje med allierte. Alle har dei det same målet, å stoppe den vondskapen som no er i ferd med å ta over verda, og det spelar inga rolle kor mykje blod, sveitte og tårer dei må investere i kampen.

Dei forskjellige personane i spelet har alle spesielle eigenskaper, og dette gir oss eit spel med svært definerte karakterar. Final Fantasy IV gir deg ikkje rom for å skape eigne karakterar, men dette er med på å gjere spelet meir fokusert. Kvar av dei forskjellege personane du har med deg er låst til ein klasse, og når dei går opp i erfaringsnivå, vil dei bli betre utifrå kva klassen deira tillet.

Nokre få val får du riktig nok, sjølv om dei er små. Gjennom spelet vil du finne gjenstandar som inneheld forskjellige eigenskapar, og desse eigenskapane kan du leggje til den figuren du vil. Desse eigenskapane kan vere alt frå meir effektiv bruk av helsebringande gjenstandar, til motangrep om du skulle bli angripen. Sjølv om det dreier seg om små ting, kan kombinasjonen av eigenskapar skape resultat som får mykje å seie i kamp. Cecil får til dømes ein eigenskap som let han beskytte venene sine om dei blir angripen, om du har gitt han motangrep, vil han raskt bli ein mykje meir effektiv krigar.

Turbasert med ein vri

På overflata er Final Fantasy IV eit turbasert spel, men det er berre halve sanninga. Som med ei rekke andre Final Fantasy-spel, blant anna Final Fantasy IX, nyttar Final Fantasy «Active Time Battle»-systemet. Dette vil seie at du vel handlingar etter tur, men at kampen held fram med å gå sjølv om du ikkje gjer noko. På kvar person vil du sjå ei tidslinje som viser når dei er klare til å utføre handlingar. Det å utføre handlingar tek òg tid, der til dømes ein enkel magi som «Fire» er mykje raskare enn den langt kraftigare «Firaga».

Dette tidsaspektet gjeld for fiendane òg. Sjølv om du ikkje ser tidslinjene deira, vil dei gå til angrep når dei er klare, og om du brukar for lang tid til å vente, kan dei høvle over deg ganske effektivt. Om du skulle bli for stressa av dette, kan du velje å stille inn spelet slik at alle deltakarane i ein kamp «ventar» medan du er inne på menyane for å velje kva du skal gjere.

Det du endar opp med, er eit kampsystem som er både utfordrande og engasjerande. At dei fleste karakterane er svært forskjellige frå kvarandre, hjelper samtidig til med å alltid gi deg noko nytt å prøve. Du endar ikkje opp med å bruke dei same krigarane med det same angrepet i kvar bidige kamp, og dette tener spelet stort på. I tillegg er spelet utfordrande, og sparkar gladeleg rompa di grundig. For det meste går det heilt greitt, men fiendane er så pass farlege at du bør sørgje for å ha med deg mange helsedrikker før du legg ut på tur.

Positivt er det at dei tilfeldige kampane kjem i fornuftige intervallar. I motsetning til Final Fantasy I blir du ikkje bombardert med ein ny kamp for kvart andre steg, og dette gjer mykje for å halde humøret oppe medan du utforskar dei mange grottene og labyrintane i spelet.

Mykje er forbetra, men ikkje alt

Det er mykje nytt i DS-versjonen av Final Fantasy IV, og ein av dei er ei ny oversetting. Om du har spelt ein av dei eldre versjonane av spelet vil du nok ha lagt merke til at oversettinga var litt naiv, men dette er no fiksa, og spelet framstår som vaksent og modent i dialog og forteljarstil.

Litt skuffande er det difor at ting ikkje alltid heng saman, eller gir meining. Eg tenkjer først og fremst på korleis visse viktige hendingar lett kan bli «avslørt» av feil person. Om du nett har vore ute på eit viktig tokt, og tek ein omveg før du går til personen du eigentleg skal snakke med, kan du ende opp med å få vite ting litt for tidleg. Skulle du snakke med ein person i gata, vil du diskutere ting med han som kongen fortel deg, sjølv om du ikkje har besøkt kongen enda.

I tillegg har Cecil og gjengen ein tendens til å gjere svært dumme ting, som å vere litt for ivrige til å gå frå viktige situasjonar før alt er oppklart, noko som meir enn ein gong får ganske dramatiske konsekvensar. Dette får deg kanskje til å sjå på heltane som ein svært naiv gjeng av og til, og kunne godt ha vor forandra litt for å gi meir meining.

Dette er likevel ei svært god historie med mykje dramatikk og spaning. Dei forskjellige personane er alle interessante, og du blir glad i dei. Spelet er krydra med små filmsekvensar, og mange av dei har til og med stemmeskodespel, som er av høg kvalitet. Det er ein og anna unote, men for det meste er stemmene av høg kvalitet, og dei kler persongalleriet godt.

Konklusjon

Det skal godt gjeras å finne ei betre rollespel på DS akkurat no. Final Fantasy IV er eit langt og utfordrande spel med ei historie om godt og vondt som verkeleg engasjerer. Spelet har eit flott ensemble med varierte personar som alle har sine eigne grunnar for å ta del i kampen. Historia er dramatisk og velskriven, og den nye oversettinga aukar kvaliteten på dialogen mange hakk.

Små justeringar er gjort på dei fleste område, og vi endar opp med eit spel som verkeleg viser originalen den respekt den fortener. Det flotte kampsystemet vil engasjere deg i time etter time, og den generelt høge utfordringa sørgjer for at du må tenkje smart og effektivt i kvar kamp. Har du enno ikkje spelt Final Fantasy IV, skyldar du deg sjølv å ta ein kikk på det som nok er den beste versjonen av klassikaren så langt.

Vurdering


Final Fantasy IV DS DS 8/10 iPhone Android

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. september 2008
  • Plattform: Nintendo DS
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Matrix Software

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen