Anmeldelse

Final Fantasy X-2

For aller første gong inviterar Square Enix oss til å besøke ei kjend verd på ny. Tidlegare har alle Final Fantasy spel vore individuelle historier med kvar sine verder og innbyggarar. Derfor er det naturleg at ein viss skepsis breiar om seg når dei no vel å ta oss med tilbake til Spira. Verda som er heimen til eit av dei mest banebrytande spela i serien, så langt. Frykt ikkje, kjære ven, for om det er nokon der ute som veit kva dei driv med, så er det Square Enix.

Det første først, ingenting er slik du er vand med i Spira. Den store terroren i Final Fantasy X er borte, og med den, all sorg og fortvilelse. Noko av det du umiddelbart vil legge merke til med Final Fantasy X-2 er den lette haldninga, og det gode humøret spelet kontinuerleg prøvar å vidareføre til deg. Det heile følest ganske surrealistisk. Det er frykteleg uvanleg at dommedag ikkje pustar deg i nakken til ei kvar tid. Det er faktisk ikkje eit einaste teikn på at noko i nærheita av dommedag eksisterar. Spiras befolkning føler seg endeleg fri, dei er lykkelege, og viser det gjerne. Det heile er svært merkeleg for eit spel i Final Fantasy-serien. Kvar er galningen som vil ta over verda? Kvar er konspirasjonen?

Det er kanskje ikkje så rart når ein tenkjer over det. Ville ikkje du sett på det som grunn god nok til å feire, om vondskapen som har terrorisert verda i tusen år endeleg er borte? Det er lett å sjå at Spira er ein betre stad å bu. Område som tidlegare var herja av øydeleggjelse er fulle av liv. Samtidig er det sterke referansar til korleis vi øydelegg vårt samfunn med utbygging, maskiner og industri. Ikkje eingong Chocobo-fuglane kan sleppe unna slikt. No, etter hendelsane i Final Fantasy X er dei nesten historie. Det som tidlegare var populære transportmiddel, er no eit sjeldant syn, erstatta av Machina. Ahl Bed-folkets tidlegare forbudte maskineri.

Politikken inntar Spira
Forandringane i Spira er spesielt tydelege hos Yuna. Tidlegare var ho High Summoner, den fremste posisjonen nokon kunne ha. No er det ingen Aeons igjen, og utan noko å mane fram, har Yuna sett seg nødt til å skifte yrke. Dei siste åra har mange grupper forma seg i jakta på kuler som inneheld opptak av heile Spiras historie, og Yuna er med i ei av desse. Saman med Rikku, og nykomaren Paine, reiser ho rundt med The Gullwings, i eit stort luftskip forma som ein motorsykkel.

Å jakte på filmkuler har blitt ein sport i Spira, og i alle kjende idrettar oppstår det sterk konkurranse. Ein av Yuna?s argaste konkurrentar er LeBlanc og banden hennar. Det kan etter kvart verke som om LeBlanc utelukkande er ute etter å skape trøbbel for The Gullwings, men historia vil etter kvart vise at motivasjonen som driv folk varierar sterkt, og er ikkje alltid slik du trur. Det heile framstår som eit meir politisk spel enn kva vi er vande med. Det er ikkje den overnaturlege trusselen som er i fokus, men heller menneske seg i mellom, og kva som skjer når forskjellige delar av samfunnet er ueininge.

The Youth League og New Yevon er dei to markante fraksjonane som står mot kvarandre i historia. Etter kvart blir du også nødt til å velje kven du vil støtte. I ein ny vri viser også spelet seg frå ei mindre lineær side. Val av faksjon vil påverke historia vesentleg, og innviterar deg til å spele gjennom spelet fleire gongar, for å sjå kva som kunne ha skjedd.

Final Fantasy X-2 PS2 PS2 PS3 Vita PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. februar 2004
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: Square Enix

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen