Anmeldelse

Final Fantasy X-2

Innleiingssekvensen til Final Fantasy X-2 inneheld Yuna som popstjerne, og sterke referansar til Charlie's Angels. Om du ikkje stussar over dette, har du nok ikkje spelt så mykje Final Fantasy i di tid.

Side 1
Side 2
Side 3

Fri til å gjere kva du vil I motsetning til andre spel i serien får du her tilgang på luftskipet veldig tidleg, og kan reise kvar du vil, når du vil. I praksis kan du velje korleis historia vil utarte seg. Spelet er så langt som du vil ha det. Enten kan du rase gjennom det på kort tid, eller du kan ta deg god tid for å utforske alt. Avhengig av kva du vel kan spelet bli enten lengre, eller kortare enn kva du er vand med. I likheit med Final Fantasy X vel du kvar du vil reise frå ein meny, og område som vil drive historia vidare er merka som ein "hotspot".

Mykje av det du vil oppleve på reisa gjennom "det nye" Spira består av såkalla "minigames". Desse er alt frå å selje billettar, til å fange ein Chocobo. Ein fellesnemnar er at det skal vere underhaldande, og moro. Om noko kan verke håplaust og slitsamt, kan du i midlertid vere sikker på at belønninga er tilsvarande. Noko som er positivt med alle desse meir eller mindre absurde oppgåvene du kan få, er at det er fullstendig opp til deg om du vil utføre dei (vel, stort sett). Du vel som sagt sjølv om du vil reise til eit område, berre for å utforske, eller drive historia vidare.

Jobbsystemet vender tilbake Sjølv om erfaringssystemet i Final Fantasy X var nyskapande og populært, har Square Enix valt å gi blanke i det, for å skape enda meir intense kampar. Som vanleg er spelet stappfullt av tilfeldige kampar, til glede for tilhengjarskaren. Den store forandringa skjer i kampens hete. I så og seie alle Final Fantasy-spel har alle hovudpersonane ein bestemt jobb. Slik er det på ingen måte i Final Fantasy X-2. Du kan skifte jobb akkurat når det passar deg, og gjerne midt i ein kamp. Dei tre femme fatale kan bruke den jobben som passar deg, og sjølv om Yuna brukar pistolar i utgangspunktet er det opp til deg om du vil droppe den rolla.

Du blir kun betre i ein jobb ved å bruke den, og ved å bruke ferdigheitene jobben din tilbyr, vil du få tilgang på nye. Det er her eit dilemma kan oppstå. Vil du trene kvar person opp i ein jobb, eller vil du la alle beherske fleire jobbar? Det blir ikkje enklare. Etter kvart som du utforskar nye område vil du få tak i nye jobbar, og enda fleire kulebrett (i mangel av eit betre ord). Kulebretta blir brukt for å plassere eit antal jobbar, og kvart individuelle brett gir forskjellige bonsusar når du skiftar jobb i midten av ein kamp. Desse bonusane kan vere alt frå sterkare magi eller styrke, eller magi som jobben du brukar ikkje har tilgang på. Det kan vere lurt å halde hovudet kaldt når ein skal velje brett, for antalet brett kan etter kvart bli temmeleg overveldande.

I utgangspunktet vil du få sjå ein forholdsvis lang sekvens kvar gong du skiftar jobb (i alle fall med det tempoet kampane har ellers). Det blir hevda at desse sekvensane er minst like imonerande som å mane fram Aeons i Final Fantasy X, men det er noko du skal ta med ei veldig stor klype salt. Det ser tøft ut den første gongen, men det er gledeleg at du kan slå desse fullstendig av i menyen. Ein litt negativ ting med kampsystemet er tempoet.

Ting går veldig raskt, noko som resulterar i intense kampar. Dette er sjølvsagt positivt, sidan kampane blir meir krevjande enn før. Problemet er at det er lett å få inntrykket av at alle du kjempar mot er raskare enn deg. Når du har valt kommandoar for karakterane går det ei viss tid før dei blir utførte. På denne tida kan du bli angripen opptil fleire gongar, noko som naturleg nok medfører ein lettare frustrasjon, spesielt om du er i ferd med å miste helse poeng.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden