Anmeldelse

Final Fantasy XI

To år etter Japan får vi endeleg sjansen til å gi oss ut på Square Enix sin online-versjon av Final Fantasy. Mange vil nok diskutere ganske heftig om denne tittelen burde ha eksistert, men dei bør kanskje prøve spelet før dei seier noko meir.

Side 1
Side 2
Side 3

Komboangrep = erfaringsbonus I ein kamp kan du utnytte dei forskjellige medlemma i gruppa di for å skaffe bonus-erfaringspoeng. Visse ferdigheiter passar saman, om dei blir utført i ei viss rekkefølge, og innanfor eit kort tidsrom. Om tre karakterar utfører spesialangrep etter kvarandre, kan du bygge deg opp ein bonus som vil gi eit solid løft til erfaringspoenga du ellers ville fått. For å få enda meir erfaringspoeng kan du lenke saman fleire kampar. Sei gruppa først angrip eit monster, før dei finn eit nytt passande monster innan kort tid. Ved å gjere dette vil du få bonus-erfaringspoeng, som kjem godt med.

Noko ein alltid må hugse på før ein angrip noko, er å sjekke kor farleg fienden er. Når du gjer dette vil du få sjå kor stor sjanse du har for å vinne. Du får sjå fleire grader av lett og vanskeleg, og om du til dømes møter ein fiende som er "incredibly tough" bør du stikke langt unna. Er fienden "not worthwhile" kan du berre la vere sidan sjansen for å få noko anna enn ein gjenstand du sikkert ikkje har bruk for er lik null. Ein anna ting ein bør passe på er å ikkje angripe eit monster som har mange like monster i nærheita. Om du mobbar nokon, kan du vere sikker på at han tek med seg kameratane sine for å gi deg pryl etterpå.

Ved sidan av kampane er det ein del ting som er verdt å få med seg i Final Fantasy XI. Først og fremst har du "conquest". Ved å be byvaktene kaste signet på deg vil du ta del i erobringa av Vana’Diel, og kvart monster du drep vil gi heimstaden din større makt. Det er ganske lurt å ta del i dette, sidan fiendane alltid er ute etter akkurat det same som du; kontroll over fleire område. Kven som har kontroll i eit område er avhengig av kva nasjon som har drept flest fiendar i eit område, og ved å få kontroll i eit område vil det dukke opp grensevakter som kan gjere di reise gjennom verda til ei mykje meir behageleg oppleving. Om eit område er kontrollert av monster, vil du ikkje finne nokre grensevakter, og turen din blir mykje farlegare med ein gong.

Praktiske ferdigheiter Ein anna viktig del av spelet er at du kan bli med i eit guild og lage ting. Du kan lære deg å lage våpen, klede, og alt ein eigentleg kan ha bruk for som eventyrar. Når ein skal lage noko må ein først ha ressursar, og desse finn ein enkelt og greit ved å gå ut og leite etter dei. Når du først har laga noko kan ein bruke det sjølv, eller selge det på eit auksjonshus, og her er det mykje pengar å hente. Omtrent alt som eksisterar av gjenstandar, så lenge dei ikkje er nødvendige for spesielle oppdrag, kan kjøpast og selgast her, og summane er ofte høge. Om du manglar pengar tidleg i spelet, kan du bruke litt tid på å samle krystallar (om du har fått signet kasta på deg) frå fiendar du drep, og selge dei her for veldig god profitt.

Den europeiske versjonen av Final Fantasy XI inneheld dei to ekspansjonspakkene som har kome ut. Rise of the Zilart og Chains of Promathia. Det du får i desse er ikkje noko du vil merke kvar gong du lagar ny karakter. Final Fantasy XI har ei stor og omfattande historie, og det er det ekspansjonspakkane bygger på. Nye monster, nytt utstyr, nye område, og sjølvsagt fleire nye vriar på ei historie det kan ta deg ein halv mannsalder å kome deg gjennom. Som med alle Final Fantasy-spel tek det ei god stund før du finn ut kva som eigentleg skjer i verda, og i Final Fantasy XI sitt tilfelle, tek det enda lengre tid. Først og fremst på grunn av all tida du brukar på å finne, og å vere med i ei gruppe for å drepe monster.

Ein ting Square Enix skal ha ros for er alle dei spesielle hendelsane dei har lagt inn i spelet. Ved Halloween-tider i fjor pynta dei med passande dekorasjonar, og la inn spesielle minispel, det same gjor dei ved juletider. I påska kunne du springe rundt og leite etter spesielle egg som du gav til ein moogle i byen. I tillegg kan du gifte deg med ein anna karakter, om du skulle ønske det. Desse hendelsane har vist seg å bli enormt populære når dei først kjem i gong, spesielt sidan dei tinga du kan få tak i ved å delta, kun er tilgjengelege akkurat då.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden