Anmeldelse

Final Fantasy XI

To år etter Japan får vi endeleg sjansen til å gi oss ut på Square Enix sin online-versjon av Final Fantasy. Mange vil nok diskutere ganske heftig om denne tittelen burde ha eksistert, men dei bør kanskje prøve spelet før dei seier noko meir.

Side 1
Side 2
Side 3

Enorm verd med lange avstander Som seg hør og bør i eit MMORPG er det flust av område du kan bevege deg i, og det er god variasjon mellom dei. I byrjinga av spelet vil du derimot raskt bli slått av følelsen av at ting ser veldig likt ut overalt. Rundt byane vil du ha fleire område som brukar det same terrenget, og raskt endar opp som litt småkjedelege. Ta til dømes Sarutabaruta utanfor Windurst. Eit tørt og relativt flatt landskap der det einaste som skapar litt variasjon i terrenget er litt tre her og der, ei elv der, og nokre fiendar som spaserar uinteresserte fram og tilbake. Etter kvart vil du bevege deg forbi desse, og finne nye område, som er bygd opp på akkurat same prinsipp. Med tanke på at du blir nødt til å gå fram og tilbake stort sett heile tida du vil til byen for å gjere noko, blir det raskt ein kjedeleg tur.

Det heile endar opp som ei ganske generisk affere, der du tyr til kartet heile tida fordi du sjeldan kjenner deg spesielt godt igjen, nettopp fordi alt ser veldig likt ut. Det er likevel ikkje alle område som lider av dette. Ta til dømes San D’oria, der naturen som omkransar byen er skogar med bakkar og skrentar, som byr på litt meir å sjå på. Det er klart det ikkje er alltid natur er så veldig interessant å sjå på, men dette er trass alt eit spel, og ting som kaprar oppmerksomheita di er alltid velkomne. Så snart du kjem deg ut av dei første områda blir uansett alt mykje betre, med visse område som er rett og slett spektakulære. Det merkelege er at når ein etter ei lang reise til slutt vender tilbake til heimbyen, oppstår ein merkeleg følelse av å endeleg vere heime igjen.

Karakterane i Final Fantasy XI er godt animerte, noko ein spesielt vil legge merke til i filmsekvensar. Spelet ser unekteleg veldig bra ut. Dessutan inneheld spelet ei rekke flotte spesialeffekter. Når ein brukar magi er det ein fest for auget, og når ein Summoner kallar på klassiske Final Fantasy-skapningar som Ifrit og Shiva, blir ein rett og slett imponert over kor flott det ser ut. Trass i at det kanskje manglar litt variasjon her og der, er grafikken veldig godt gjennomført. Små detaljar på klede og våpen er eit pluss, men det er litt leit at veldig mange fiendar i prinsippet brukar same modell med forskjellige teksturar.

Som vanleg når ei spel har Final Fantasy-namnet, er det Nobuo Uematsu som står for store delar av musikken, og atter ein gong gjer han ein glimrande jobb. Det er fantastisk god variasjon mellom låtene, og du vil finne musikk som umiddelbart set deg i stemning. Du finn kanskje ikkje dei mest gripande melodiane her, men musikken passar veldig godt til områda sine. Lydeffektane er generelt sett gode, men det kunne godt ha vore meir av dei. Ofte høyrer du kun lyden av fotstega dine og musikken. Kampar er ei ganske standard affære utan nokon spesielt, men sjølvsagt har du eigen kampmusikk, og når du går opp i nivå kjem ei fanfare tilhengjarar av Final Fantasy-serien raskt vil kjenne igjen.

Konklusjon Det er ikkje utan grunn at Final Fantasy XI har nådd over 500.000 individuelle brukarar. Spelet blandar klassiske Final Fantasy-element med ei enorm online-verd på ein glimrande måte. Alle ting du forventar skal vere med i eit Final Fantasy-spel er her, frå Chocobo-fuglar til Cid. Sjølv om det er eit MMORPG følest det umiddelbart som Final Fantasy. Det er kanskje litt vanskeleg å setje seg inn i, først og fremst på grunn av kontrollsystemet, men når ein kjem forbi akkurat det, følest alt heilt naturleg. Dessutan dekkar kvar server heile verda, og du kan spele med ein venn frå USA eller Japan om du vil. Det er mange MMORPG-spel på trappene, og akkurat kva du skal velje er eit vanskeleg spørsmål, men om du vil ri på ein Chocobo er det i alle fall kun ein stad du kan gjere akkurat det.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden