Anmeldelse

Final Fantasy XII: Revenant Wings

Strategi i lommeformat

Vaan og Penelo kastar seg ut i eit nytt eventyr, og utfallet er svært vellukka.

Ein gong i tida var kvart Final Fantasy-spel ei ganske unik greie. Dei kom jamt og trutt, gjerne med nokre års mellomrom, men kvaliteten var jamt over høg. Kvart spel var satt til ei unik verd, med sine eigne personar og intriger. Spela stod på eigne bein, og det var slik det var, og tilsynelatande skulle det vere slik for all tid. Det var før Compilation of Final Fantasy VII dukka opp. Square Enix gav oss fleire spel, og ein film, basert på Final Fantasy VII-universet.

Trailer for Revenant Wings

Vis større

Trailer: Final Fantasy XII: Revenant Wings

Stikkord:
  • spill
  • ds
  • rollespill
  • taktisk
  • final fantasy
  • revenant wings


Det er ganske tydeleg at dette er ein finansmodell det luktar marsipankake av, for no vil du eigentleg kunne kalle det eit fenomen om det skulle kome ein tittel som ikkje har ein oppfølgjar eller ei sidehistorie på veg. Eit godt døme på dette er Final Fantasy XIII, som under tittelen Fabula Nova Crystallis så langt kjem i form av tre forskjellege titlar. Meir aktuelt akkurat no er Ivalice Alliance, eit fellesnamn for spel som utspelar seg i verda Ivalice. Final Fantasy XII: Revenant Wings er eit av desse spela.

Ivalice er ikkje ei ny verd, og sjølv om ditt første møte med den sannsynlegvis var gjennom Final Fantasy XII, var ikkje det spelet som introduserte verda. Final Fantasy XII: Revenant Wings er faktisk det femte spelet i Ivalice. Det første var Final Fantasy Tactics, som nyleg blei relansert til PSP. Neste spel ut var Vagrant Story, som på det tidspunktet det kom, eigentleg ikkje hadde noko med Final Fantasy å gjere. Etter det kom Final Fantasy Tactics Advance til Game Boy Advance, før vi i fjor fekk det storslagne Final Fantasy XII, det aller første nummererte Final Fantasy-spelet som ikkje kom med si eiga verd på kjøpet. No står altså den direkte oppfølgjaren til Final Fantasy XII for tur.

Handhaldt strategi

Final Fantasy XII: Revenant Wings er noko ganske nytt for Square Enix, men i så måte passar det eigentleg svært godt inn i Ivalice Alliance, sidan dei fleste spela her er veldig forskjellege. Vagrant Story var eit rollespel i tredjeperson, Final Fantasy Tactics-spela var taktisk og turbasert strategi, medan Final Fantasy XII fullstendig omskreiv alle reglar for korleis eit Final Fantasy-spel skulle vere. Det gjer Revenant Wings òg. Av alle ting, er det et sanntidsbasert strategispel.

Det fungerar overveldande bra. Dei vesle skjermane på DS-en er fylt med all den informasjon du treng, men ingenting meir, og du har alltid full kontroll. Toppskjermen viser eit kart, som samtidig viser kvar du, fienden og alle ting i området er. Den nedste skjermen blir brukt til krig og utforsking. Har du spelt eit strategispel i ditt liv vil du kjapt få teken på Revenant Wings. Du vel dine krigarar, og sender dei i kamp med enkle trykk på skjermen.

I spelet vil du ha kontroll over opp til fem forskjellege heltar. Desse kan mane fram forskjellege krigarar, eller «Espers» som dei heiter i spelet. Desse krigarane kjem i tre basisformer. Dei er enten nærkampskrigarar, flygande krigarar, eller krigarar som skyt eit eller anna mot fienden. Det er eit veldig enkelt konsept der skyttarane slår dei flygande, dei flygande slår nærkampskrigarane, som i sin tur gjer kort prosess med skyttarane. I tillegg til dette finn vi forskjellege element, det vatn til dømes slår eld.

Det heile er frykteleg enkelt, men det er samtidig det som gjer det så moro. Du treng aldri tenkje djup strategi, noko som passar formatet perfekt. Du kan lett hente fram spelet og spele i alt frå femten minutt til fleire timar, alt etter kvar du er i humør til. Kampane er kjappe, og tek ikkje lang tid, noko som gjer kjensla av progresjon mykje større.

Ei vaksande hær

For å overleve i dei mange slaga, må du heile tida få nye soldatar. Dette gjer du frå ein enkel meny der du vel å inngå ei pakt med den skapningen du vil ha kontroll over. Kor mange du kan inngå pakt med kjem an på kor mykje «auracite» du har, ein type magisk stein som har ei stor rolle i spelet. Etter kvart vil du kjøpe sterkare og sterkare krigarar, heilt til vi får møte gamle som Odin, Ramuh og Shiva. Desse er magiske skapningar som i Final Fantasy XII berre var tilstades som namn på enorme luftskip.

I tillegg til nye krigarar, vil du i tillegg kunne oppgradere utstyret ditt. Gjennom oppdraga dine vil du få bøker som inneheld oppskrifter på nytt utstyr. Desse vil du kunne bruke til å lage nytt og betre utstyr, om du har alle ingrediensane du treng. Prosessen er ganske enkel. Først vel du kor god kvalitet du vil ha på materiala som blir tekne i bruk for å lage utstyret. Etter det svarar du på nokre spørsmål som tilsynelatande ikkje har noko med det endelege produktet å gjere (som til dømes om maten til Penelo er god). Om du prøvar å varierar kva materiale du brukar, og kva du svarar på spørsmåla, vil du sjå at resultata kan variere. Det er ein enkel og forbausande underhaldande del av spelet, som gir deg mykje meir motivasjon for å leite fram alle former for skattar rundt om på oppdraga.

Dei forskjellege heltane i spelet vil i tillegg få tilgang på spesielle eigenskapar. Etter kvart som du tener inn dine erfaringsnivå, vil heltane gå opp i nivå. Med jamne mellomrom vil dei lære noko nytt du kan bruke i kamp. Desse eigenskapane kan du velje frå ein liten og enkel meny, eller du kan ta i bruk ein forenkla versjon av «Gambit»-systemet frå Final Fantasy XII. Dette systemet lot deg bestemme korleis dei forskjellege karakterane i gruppa di oppførte seg i forskjellege situasjonar. I Revenant Wings har du berre ein «Gambit» tilgjengeleg, og den kan vere praktisk for å få til dømes ein magikar til kaste eldmagi på fiendar som helst held seg unna alt som brenn.

Heisatur i skyene

Historia i spelet er ikkje den mest avanserte du vil støyte på. I utgangspunktet handlar det berre om nokre pøblar som snik seg inn på eit luftskip, berre for å innsjå at dette skipet tek dei med høgt opp i lufta, til ei verd over skyene. Her er det sjølvsagt problem. Både luftpiratar og ein sint dame som har teke på seg ein rustning og utnemnt seg sjølv til dommar (i likskap med dommarane i Final Fantasy XII), skapar store problem for lokalbefolkninga. Dei som eigentleg høyrer heime oppe i skyene, er ein kjenslelaus rase humanoidar med venger. Merkeleg nok går alt det som no skjer her oppe mykje meir inn på Vann og Penelo, enn folket med venger.

Ein stor forskjell frå Final Fantasy XII er den grafiske stilen. I staden for å tvihalde på alt som var i Final Fantasy XII, ser alt mykje meir barnsleg ut no. Alle figurar har blitt forenkla, og det heile ser litt meir ut som kva du vil finne i ein teikneserie for dei litt yngre. Dette betyr likevel ikkje at stilen på nokon måte er øydelagt. Alt du finn av område og kulissar er veldig lett å kjenne igjen om du har spelt Final Fantasy XII. Både arkitekturen og fargepaletten held seg trufast til originalspelet, og dette gjer det svært lett å vende tilbake til Ivalice.

Det som i aller størst grad vil gi deg mykje av den same kjensla du hadde medan du spelte Final Fantasy XII, er utvilsamt musikken. Sjølv om lydkvaliteten har søkke nokre hakk frå konverteringa til DS, høyrest det svært bra ut. Spelet brukar musikken frå Final Fantasy XII, noko som verkeleg gjer mykje for å sende tankane tilbake til verda i Final Fantasy XII, og dei personane du blei kjend med der.

Konklusjon

Final Fantasy XII: Revenant Wings er på ingen måte ein konkurrent mot store strategispel som StarCraft og World in Conflict, men det er heller ikkje meininga. Dette er strategi i miniformat, og Square Enix har gjort ein fantastisk jobb i å gi oss eit spel med kjappe og engasjerande kampar, samt ei fornuftig og underhaldande utfordring. Historia kunne kanskje ha vore litt betre, men ein innser kjapt at hensikta ikkje er å levere eit episk eventyr denne gang. I staden skal du få ta til skyene som ein luftpirat, nedkjempe nokre bandittar, og redde verda enda ein gang. Det er kanskje litt simpelt, men frykteleg moro likevel.

Siste fra forsiden