Anmeldelse

Fire Emblem

Kva er det med fantastiske taktiske spel for tida? Knapt nok har nervane roa seg etter Disgaea: Hour of Darkness, før Fire Emblem dukkar opp. Frå skaparane av Advance Wars kjem enda eit turbasert "rollespel".

Side 1
Side 2

I Japan er Fire Emblem meir enn dette spelet her. Det er ein av dei klassiske seriane med enorme tilhengjarskarer. Kvifor ellers var det karakterar frå Fire Emblem i Super Smash Bros? Kjende du igjen nokon av dei? Tvilsamt, men ikkje så rart sidan vi i den vestlege verda for første gong får oppleve denne serien. Intelligent Systems er kanskje best kjende for sine Advance Wars-spel, og likte du dei, kjem du til å elske Fire Emblem.

Turbasert moro I Fire Emblem trer du inn i rolla som taktiker, og for å glede nostalgikarane blandt oss kan du velje namn sjølv. Den første delen av spelet introduserar deg for Lyndis. Gjennom ti kapittel blir du kjent med mange forskjellige ansikt, og får samtidig grundig opplæring i spelets mange forskjellige funksjonar. Det geniale med denne delen av spelet er at du aldri føler at du les ei kjedeleg instruksjonsbok. Du får tips, hint og informasjon gjennom korte sekvensar, før spelet lar deg gjere alt sjølv. Gjennom desse ti kapitla får vi også ta del i historia om korleis du hjelper Lyndis med å bekjempe bestafarens vonde bror, og tar tilbake riket som rettmessig tilhøyrer henne.

Fire Emblem er oppsett av tre stadium. Først har du historiesekvensane, presentert i fargerike 2D-miljø. Når folk har snakka frå seg er det over til pre-kamp menyen der du kan velje formasjon, kva karakterar du vil bruke, og eventuelt bytte våpen og gjenstandar mellom dei. Deretter er det rett over i kamp. Kampane er turbaserte, og blir sett ovanfrå og ned. Den første turen er alltid din, og du kan flytta alle karakterane dine før det blir fienden sin tur. Kvart kart inneheld også små felt du enten kan besøke eller utnytte. Ser du til dømes eit hus, kan du besøke det for å få informasjon, og eventuelt få spesielle gjenstandar. Flytt deg til ein skog, og fienden får problem med å treffe deg i kamp. Det heile er frykteleg enkelt, men som vi veit, det enkle kan ofte vere det beste.

Fatale dødsfall Det er ein stor forskjell på Fire Emblem og andre spel med strategiske element. Folk dør. 'Sjølvsagt gjer dei det', tenker du sikkert, 'men dei kjem jo alltid tilbake etterpå'. Stort sett gjer dei det ja. Stort sett, men i Fire Emblem kan den fantastiske krigaren du har brukt timar på å bygge opp brått forsvinne for aldri å dukke opp igjen. Det er ganske harde kår, men slik er det i krig. Eigentleg er dette ein positiv ting. Du får meir respekt for karakterane dine, og blir indirekte tvinga til å tenke litt meir langsiktig enn å berre storme på med alt du har. Det kan også føre med seg ein del frustrasjon. Uansett kor forsiktig du har vore, vil ein viktig krigar brått bli angripen frå alle sider samtidig, og den einaste moglegheita du har for å redde han, blir å restarte brettet.

Sjølv om du mistar nokon i kamp er du ikkje nødt til å fortvile. Gjennom heile spelet møter du kontinuerleg nye karakterar, og vil få ei stor samling å velje mellom. Ein kan nesten bli overvelda av mengda med folk som dukkar opp, sidan det kan bli vanskeleg å bestemme seg for kva ein har bruk for. I ein kamp kan du til ei kvar tid kun ha med deg eit maksimum på ti karakterar. Om nokon dør, er du nede på ni, utan sjanse for å setje inn erstatningar. Dette forandrar uansett ikkje det faktum at mange av karakterane har spesielle eigenskapar du gjerne ikkje vil vere forutan. Å miste ein karakter kan vere eit stort tap, og det kan derfor bli ganske frustrerande med brett der det kan sjå ut som om det er umogleg å gå heilskinna gjennom det.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden