Anmeldelse

Fire Emblem: Shadow Dragon

Fire Emblem er og blir Fire Emblem. Har du spelt eit spel i serien, har du eigentleg spelt dei alle. Dette er det som både er seriens store styrke, og den store fallgropa. Om du verkeleg elskar dei taktiske kampane, vil du finne ekstremt mykje glede med alle spela, men om du er litt lei av å gjere det same om igjen, finn du lite her.

Gammalt nytt

Eg må vere ærleg å innrømme at sjølv om eg var godt forankra i den første kategorien, er eg no i ferd med å gli over i den andre. Det er ei grense for kor mykje eg kan spele det same spelet om igjen før eg går lei, og Fire Emblem: Shadow Dragon demonstrerer dette veldig godt. Det gjer alt like bra som dei tidlegare spela, men det er òg alt det gjer. Det er omlag ingenting nytt å utforske her. Det er ein stagnert serie som viser total forakt for både nytenking og utvikling.

Dette gjer likevel ikkje spelet på nokon måte dårleg. Du får berre eit kraftig deja vu, og dette er noko som vil vere med deg heile spelet gjennom. Du startar med ein liten bande krigarar, og får gjennom ei rekkje slag samla deg ei hær av respektabel storleik. Mykje av utfordringa kjem nettopp frå denne hæra. Om ein krigar døyr under kamp, er han død for alltid, og du må enten slå av og prøve på ny, eller berre sende han i grava der han høyrer heime.

Om du vel det første, vil du etter kvart ende opp med ei hær som når så store nummer at det kan vere problematisk å ha god oversikt. Du får mange soldatar som eigentleg er heilt like, og om du vil bruke dei alle, vil dei ikkje bli spesielt sterke heller. Soldatar får erfaring i kamp, og denne erfaring blir gull verdt i seinare slag. Om du vel å bruke dei same soldatane heile tida, vil desse etter kvart bli kraftige, og svært effektive. Generell bruk av alle, resulterer i det motsette. Det er i tillegg viktig å hugse på at du kan oppgradere soldatar til nye spesialklassar om dei får nok erfaring. Ved å gjere dette blir dei mykje meir robuste, samtidig som dei gir dramatisk meir skade.

Kvalitet over kvantitet

Du er sjølvsagt ikkje nøydt til å la dei svake døy for å oppnå dette, men det gjer tinga meir oversiktlege. Når du har ei stor hær, kan det bli vanskeleg å velje ut kven som skal vere med i kamp. Soldatar av forskjellige typar ser heilt like ut, og det einaste du kjenner dei igjen på er namn og erfaringsnivå. Det er sjølvsagt lettare å hugse få namn enn mange namn, og difor er ei lita hær i mange situasjonar lett å anbefale. Det kjem likevel situasjonar der mykje å velje i kjem godt med, så det er ikkje eit dilemma det finnest noko godt fasitsvar på.

Her kjem heldigvis Intelligent Systems med ei lita nyvinning. Før kvart slag får du førebu deg ved å studere kartet, kjøpe nytt utstyr, og gå over soldatane i hæra di. Dette er ingenting nytt, men no kan du i tillegg velje å skifte klasse på soldatane dine. Om du har alt for mange menn med øks, og desperat treng bogeskyttarar, kan du berre omordne soldatane etter behova dine.

Det er likevel ikkje samansetninga av hæra di du vil bruke mest tid på. Det er kampane det handlar om, og desse er like godt utførte som i dei andre spela i serien. Våpentrekanten returnerer, og denne gjer spelet veldig lett å forstå, samtidig som det gir rom for å tenkje ut gode strategiar. I essensen er våpentrekanten ein enkel måte å forklare korleis forskjellige våpen fungerer mot kvarandre. Sverd er sterke mot økser, økser er sterke mot spyd, og spyd er sterke mot sverd.

Om du alltid har dette i baktankane vil du for det meste kunne klare deg ganske greitt. Du finn i tillegg liknande trekantar for magi, og dei forklarar essensen i spelet på ein lettfatteleg måte. Desse trekantane byr òg på svært interessante utfordringar. Du må heile tida tenkje nøye over kva soldatar du vil sende mot fienden. Du vil kanskje ta nokre øksemenn for å ta knekken på hesteryttarane. Dette vil etter alle lovar og reglar vere effektivt, men du må likevel vere forsiktig sidan ryttarane står saman med nokre soldatar med sverd.

Engasjerande utfordring

Det er ikkje nok å tenkje på kva du skal gjere for å drepe fienden, du må alltid vere forsiktig sidan fienden lett kan slå tilbake med same mynt. Du kan sjå kor langt fienden kan gå og angripe, og det er ei hjelpande hand for å handtere slike situasjonar. Dette gjer det lettare å planlegge eit angrep, sidan du til dømes kan plassere sårbare krigarar rett utanfor rekkevidda til fienden, og heller sende dei kraftige soldatane inn bak fienden sine linjer.

Ei av styrkane til Fire Emblem-serien er korleis kampar kan få brå og uventa vendingar. Nokre gongar vil du brått få hjelp frå ei alliert hær, noko som kan snu ein vanskeleg kamp på hovudet veldig kjapt. Alle kart byr i tillegg på forskjellige hus du kan vitje, og her kan du få tips om ting du kan gjere på kartet, eller du kan kanskje få eit nytt og mektig våpen. I likande situasjonar kan du sende Marth (hovudpersonen) til eit hus, der du til og med kan få nye rekruttar til hæra di. Andre gongar vil du kunne snakke med ein fiendtleg soldat, og få han til å skifte side.

Alt heng saman med korleis historia blir fortalt. Sjølv om det ikkje er djup dramatikk her, har mange personar si eiga historie. Om du tek vare på soldatane dine, og brukar dei i kamp, kan du få vite meir om dei. Om dei skulle døy, er den historia over.

Dette er ikkje eit spel med fine filmsekvensar og historier som blir fortalt gjennom eigne sekvensar. Alt blir fortalt på karta, og begge skjermane blir tekne i bruk, slik at du får kartet på den eine, og personane som snakkar på den andre. Spelet nyttar trykkskjermen fullt ut, og det å bruke pennen i staden for knappane, kjennest som ei naturleg og god utvikling for serien. I tillegg blir all informasjon om krigarar og område vist på toppskjermen, slik at du alltid har god oversikt.

Nytt krutt

Den einaste verkeleg store nyheita i Fire Emblem: Shadow Dragon, er moglegheita for å spele mot andre. Dette er ein ganske morosam Fire Emblem-vri på vanlege strategispel. Kvar spelar vel ut fem soldatar, og sender dei i kamp. Du har nokre få kart å velje mellom, og kvar spelar startar i kvar sin ende av kartet. Dette er eigentleg ganske underhaldande ei lita stund, men det tek ikkje lang tid før du har spelt gjennom alle karta så mange gongar at du blir litt lei.

Samtidig er det litt problematisk at du berre kan ha fem soldatar i hæra di. Det gjer kampane og moroa svært kortvarig. Som om dette ikkje var nok, varer ein kamp i maksimalt ti minutt, noko som er litt i minste laget. Det er klart at med større hærer kan det lett bli mykje venting, men det hadde i det minste vore greitt å få velje dette sjølv.

Konklusjon

Fire Emblem: Shadow Dragon er enda eit solid eventyr i ein 19 år gammal serie. Teknisk sett er det ikkje heilt nytt, sidan det er ei nyforteljing av dei to første spela i serien, men det har blitt oppdatert med til dømes våpentrekanten som ikkje var med frå starten.

Det heile kjem eigentleg ned til om du likar god taktikk i japansk stil eller ikkje. Du veit nøyaktig kva du får om du har spelt Fire Emblem før, og Shadow Dragon held like høg kvalitet som dei andre spela i serien. Du kan bruke uhorvelege mengder timar på spelet, og det er lett å bli sitjande, men eg skulle gjerne ha sett nokre fleire nyvinningar. Det finnest nok av spel som følgjer denne oppskrifta no, og det hadde vore interessant å sjå kva som kunne skjedd om utviklarane hos Intelligent Systems prøvde å tenkje litt nytt.

Fire Emblem: Shadow Dragon DS DS 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. desember 2008
  • Plattform: Nintendo DS
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Intelligent Systems

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen