Firefly lev vidare neste år

Joss Whedons populære serie får nytt liv, på iOS og Android.

Om du etter å ha sett Buffy-skapar og The Avengers-reggissør Joss Whedons romwestern Firefly fekk lyst til å prøve deg i rolla som ein skipskaptein, får du snart sjansen, meir eller mindre. På San Diego Comic-Con som går av stabelen no, har Fox Digital Entertainment kunngjort Firefly Online, eit mobilspel der du får leike deg som kaptein.

I Firefly Online må du skaffe deg eit mannskap, reise ut på oppdrag, og byte varer med andre spelarar. Meir enn dette veit vi strengt tatt ikkje. Om dette blir eit spel etter god gammal Planetarion-oppskrift, eller eit eventyr i tredjeperson er vill gjetting akkurat no. Om ikkje anna indikerer i det minste kunngjeringstraileren at spelet inneheld 3D-modellar.

Spelet blir utvikla av QMXi og Sparkplug, og QMXi-sjef Andy Gore har i følgje VG247 dette å seie om kunngjeringa:

«Hos Qmx har vi førstehandskunnskap om kor stor og kraftig Firefly-serien er, og kor mektige brunjakkene er. Målet vårt har alltid vore å få Verset (Whedonverse, eit samnamn på alle verdene Joss Whedon står bak) til live på alle tenkjelege måtar.»

At eit mobilspel var det dei trufaste fanskarane hadde i tankane har eg vanskeleg for å sjå føre meg, men noko er vel betre enn ingenting? Spelet blir tilgjengeleg neste sommar, og den første intetsigande traileren kan du sjå nedanfor.

Les også: Kroken på døra for Buffy og Firefly Les også: Minecraft-skaperen har avslørt sitt neste spill

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen