Firefly Online får gjenforent skodespelarane

Det komande spelet blir det næraste vi kjem ein ny sesong av kultserien.

Under San Diego Comic-Con i fjor avslørte Fox Digital Entertainment at TV-serien Firefly får nytt liv i form av Firefly Online, eit der du får lage din eigen pilot for å reise ut på tokt i rommet. Spelet blei kunngjort for mobilar, og skulle kome ut i år. Dette ser no ut til å ha endra seg. I tillegg til å kome til mobil vil spelet no kome til PC, og det vil heller ikkje kome før til neste vår.

Skodespelarane samla igjen

Mykje av grunnen til dette er at utviklarane har hyra inn så og seie alle skodespelarane som var med i serien. Heile besetninga frå romskipet Serenity er på plass, og eit knippe andre skodespelarar skal òg ha meldt seg på prosjektet. Dette får vi vite via Firefly Onlines Facebook-side.

Ei samling karaktermodellar frå Firefly Online.
Ei samling karaktermodellar frå Firefly Online.

Nathan Fillion, Alan Tyduk, Adam Baldwin og Ron Glass har alle spelt inn dialogen sin, medan Morena Baccardi, Jewel Staite, Summer Glau og Gina Torres vil utføre sine plikter snarleg. Nokre nye ansikt har òg blitt henta inn. Blant anna Kelly Hu og Michael Dorn. Sistnemnde vil for mange vere best kjent som Worf frå Star Trek.

Firefly Online blir første gong Firefly-gjengen samlast sidan Serenity-filmen frå 2005, som var ein oppfølgjar til Firefly-serien.

I spelet vil du kunne tilpasse dine eigen kaptein, ditt eige skip, og ikkje minst hyre inn eit passande mannskap. Du vil kunne både samarbeide og konkurrere med andre spelarar på tvers av plattformene det blir lansert på.

Stort meir enn dette veit vi ikkje om spelet akkurat no, og om du vil vite meir må du smøre deg med litt tolmod sidan nettstaden for spelet akkurat no ser ut til å slite teknisk. Vi har derimot fått servert den første traileren frå spelet, og den kan du sjå nedanfor.

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen