Fjernar telefonsexnummer frå The Last of Us

Kulissane i Naughty Dogs storspel bydde på overraskingar.

Herlege The Last of Us har fått ståande applaus frå alle verdshjørne. Spelet der vi møter Joel og Ellie i ein dyster framtidsvisjon er ikkje berre eit solid actionspel, men samtidig ei uhyre godt fortalt historie.

For å skape ei overbevisande verd har Naughty Dog blant anna brukt verkeleg forsking på sopp for å kome fram til korleis dei infiserte fiendane i spelt skulle bli til. Eit anna ledd i å skape i truverdig verd er å fylle den opp med ting vi gjerne finn i vår eiga verd, som til dømes annonser.

Ikkje ring desse nummera med mindre du er klar for litt einsam sengekos.

Hakket for realistisk?

I spelet kan du her og der finne plakatar med telefonnummer til skadedyrkontrollen. Problemet som i ettertid har vist seg er at desse nummera er langt frå oppdikta. Nokre spelarar har ringt desse nummera for å sjå om dei kanskje fekk ei overrasking frå Naughty Dog. Det fekk nok meir enn dei håpa på sidan dei blei møtt av damer som gjerne ville ha telefonsex med dei.

Naughty Dog har innrømma at nummera er der, men den kreative sjefen Neil Druckmann påstår likevel ovanfor Kotaku at det heile er ein ærleg feil:

«Det var ein kunstnerisk feil. Det som skjedde var at dei putta inn nokre telefonnummer i spelet og trudde dei berre måtte endre områdekoden til 555. Då er den ugyldig, og det er dette dei gjer i filmar. Dette ser likevel ikkje ut til å fungere når du har 1-800 framfor nummeret.»

Han avsluttar med ein lovnad om at dei er i gong med å fjerne nummera.

Les også: – Setter ikke pris på at det stjal utseendet mitt Les også: – The last of Us minner oss om Half-Life 2

Siste fra forsiden