Fleire LucasArts-klassikarar på veg til GOG

Ei lang liste Star Wars-spel blir tilgjengelege i løpet av dei komande dagane.

I haust blei endeleg ei rekke kjende og kjære klassikarar frå det legendariske spelstudioet LucasArts tilgjengelege via GOG. Totalt blei vi lova at over 20-spel skulle dukke opp, men i første pulje fekk vi berre seks spel. Desse seks spela var derimot ikkje kva som helst slags spel.

Klassikarar som X-Wing og Tie Fighter, samt Knighst of the Old Republic, og eventyra Sam & Max Hit the Road, Indiana Jones and the Fate of Atlantis og The Secret of Monkey Island Special Edition blei tilgjengelege for eit nytt publikum.

Ny pulje spel er lansert

Skjermbilete frå X-Wing Alliance.

I dag har GOG sendt ut ei pressemelding der dei informerer om at fase to med lansering av LucasArts-klassikarar er i gong. Over dei neste ti dagane vil tolv spel bli tilgjengelege, og dei har starta med seks populære Star Wars-spel som er tilgjengelege allereie i dag.

Desse spela er romskipspela X-Wing Alliance og X-Wing vs. Tie Fighter, strategispelet Star Wars Galactic Battlegrounds, samt skytespela Battlefront II og Dark Forces. I tillegg har det Obsidian-utvikla rollespelet Knights of the Old Republic II blitt tilgjengeleg.

Fleire av desse titlane er allereie tilgjengelege via Steam, men som vanleg vil GOG by på eit DRM-fritt alternativ.

Kva dei neste dagane vil by på seier ikkje pressemeldinga noko om, men LucasArts har ei skattekiste av flotte spel å velje i, så det er berre å smørje seg med litt tolmod, og håpe på noko godt.

Siste fra forsiden