(Bilde: Daedalic)

Fleire utfordringar i Blackguards

Det mørke rollespelet blir krydra med meir innhald.

Blant dei mest positive opplevingane så langt i år finn vi definitivt Blackguards. Dette rollespelet frå tyske Daedalic sender oss ut på eventyr i ei mørk fantasyverd der vi saman med eit knippe fangar på flukt måtte rydde opp i galskapen i verda. Vi var svært nøgde med det vi fekk erfare, og gav det åtte av ti poeng.

Det heile er eit taktisk og turbasert rollespel som nyttar regelsystemet til penn og papir-rollespelet The Dark Eye. Dette systemet gjev spelaren svært stor fridom til å skreddarsy sine eigne krigarar ned til minste detalj.

Klart for utviding

Heftig magi er alltid på sin plass.
Heftig magi er alltid på sin plass.

Etter ei god mottaking frå kritikarar og publikum fortel Deadalic i ei pressemelding at dei no er klare for å utvide eventyret. 4. mars lanserer dei ei ny oppdatering som vil fikse på ei rekke mindre problem, samt gjere nokre nye kapittel tilgjengelege for dei som treng fleire utfordringar.

I utvidinga som har fått namnet Vengeance for Slavery får vi vite korleis den tidlegare slaven og gladiatoren enda opp med å kjempe i arenaen. Vi vil etter kvart få ta hemn over slavehandlarane som tok frå han fridomen. Utvidinga vil by på nye våpen, nye oppdrag, og ti nye kampområde.

Det nye innhaldet vil du måtte betale for, men oppdateringa som lanserast same dag vil by på fleire forbetringar. Hovudsakleg vil balansen i spelet få seg ei justering, men spelet vil i tillegg jamt over bli meir oversiktleg. Alle vil no kunne sjå kor stor sjanse dei har for å treffe ein fiende, og det er ikkje lenger naudsynt å kjøpe eigenskapar for å få denne informasjonen.

I tillegg vil kamploggen no vise enda fleire detaljar om kva som skjer til ei kvar tid. Alle terningkast vil no bli synlege slik at spelaren skal ha full oversikt over alt som skjer.

Vengeance for Slavery vil bli tilgjengeleg via dei fleste digitale butikkar som Steam og GoG. Om du kjøpte Contributor-utgåva av spelet på Steam, vil du få utvidinga gratis.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen