Fleire PS3-spel frå Team Ninja

Ninja Gaiden Sigma-regissør går ut mot late utviklarar.

Det er ikkje alltid like lett å vere spelutviklar, spesielt ikkje når andre kjem og sparkar deg bak om du ikkje gjer jobben din. Det er nettopp det Ninja Gaiden Sigma-regissøren Yosuke Hayashi no har gjort. Eurogamer melder at Hayashi, under eit arrangement i London i går, hadde følgande å sei om utviklarar som klagar over at PlayStation 3 er vanskeleg å utvikle for:

Skjermbilde frå Ninja Gaiden Sigma

– Om dei meinar det er vanskeleg, burde dei forlate ringen. Der er nokre utviklarar som har klaga på at det er vanskeleg å utvikle for PS3. Men eg er ein skapar, ein utviklar – og ved å lage eit produkt, mottar vi (utviklarane) pengar frå spelarane. Vi burde ikkje klage på kor vanskeleg det er.

Vidare hadde han dette å sei om korvidt Team Ninja har planar om å utvide støtta si for PlayStation 3:

– Som sagt, folk som klagar på kor vanskeleg det er å lage spel for PlayStation 3, burde slutte. Sidan eg seier dette, om eg sluttar sjølv, då betyr det eg har sagt ingenting! Så eg burde fortsette – ikkje sant?

Dette er vel ikkje akkurat overraskande utspill frå ein utviklar hos Team Ninja. Sjefshøvdingen sjølv, Tomonobu Itagaki har sjølv for vane å snakke høgt om sine eigne prestasjonar, noko du kan lese meir om i vårt intervju med han frå E3 2005.

Ninja Gaiden Sigma blir utgive av Eidos i løpet av sommaren, og du kan laste ned ein demo frå PlayStation Network.

Siste fra forsiden