– Fleirspelar er bortkasta

Bethesa-sjef meiner fleirspelar ikkje alltid er ein god idé.

Ein må nesten ha levd under ein stein dei siste åra for å ikkje ha oppdaga at nesten kvart bidige spel som dukkar opp i butikkhyllene kjem med sin eigen fleirspelarmodus. Spel som i den første utgåva kanskje utelukkande presenterte ei fyldig og gjennomført historie dukkar seinare opp med fleire alternativ for å halde på spelarane.

Ein fleirspelarmodus dukkar gjerne opp i spel og sjangrar der det kanskje ikkje ved første augekast framstår som nødvendig. Til dømes kjem til og med dei fleste filmspel no med fleirspelarmodusar, noko som ikkje var vanleg før.

Grunnen er nok enkel. Om folk har ein grunn til å halde fram med spelet etter at historia er over, betyr det at sjansen for at spelet blir selt vidare er mindre. Samtidig aukar det sjansen for at ein kan tene pengar på nedlastbart innhald.

Hadde det vore meiningslaust med fleirspelar i Skyrim?

Marknadsføringssjef i Bethesda, Pete Hines er ikkje imponert over denne utviklinga.

– Folk spør oss kvifor eit spel som Skyrim eller Prey 2 ikkje har fleirspelar. Vel, vi stiller alltid det motsette spørsmålet tilbake. Om du skal lage ein fleirspelarmodus, kvifor lagar du ein fleirspelarmodus? Kva er det du prøvar å oppnå? Seier han og held fram:

– Om du gjer det berre for å huke av ein boks eller fordi alle andre utgjevarar seier du er nøydt til å ha fleirspelar, berre dropp det. Ikkje bry deg, det er bortkasta tid og ein enorm distraksjon som endar opp med at du lagar eit dårlegare spel. Vi vil ha det beste moglege spelet. Om det er eit solospel på 15 til 20 timar, så lag det! Ikkje kast bort tida på ting som ikkje gjer spelet betre.

Dette er uvanlege ord frå ein stor utgjevar, men det er likevel godt å sjå at det finnest perspektiv på fenomenet. Kor mange gongar har du ikkje kjøpt eit spel der fleirspelarmodusen – god eller ikkje – praktisk talt var død etter nokre månader?

Kva trur du? Er fleirspelar nødvendig for å selje eit spel i dag, eller er det eit ressurs- og pengesluk som senkar kvaliteten på sluttproduktet?

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden