Fleirspelaraction frå Left 4 Dead-studioet

I Evolve skal fire spelarar jakte eit digert beist.

Tidlegare i dag skreiv vi om skytespelet Outrise der ein einsam spelar i ein massiv robot skal ta opp kampen mot heile 15 spelarar. Med god hjelp frå diverse utstyr, våpen og køyrety skal dei allierte spelarane sjå kor raskt dei kan ta ned spelaren i robotmaskineriet.

I kveld har enda eit spel i same gate blitt kunngjort. I skytespelet Evolve frå Left 4 Dead-studioet Turtle Rock Studios skal fire spelarar ta på seg rolla som jegerar på jakt etter eit utanomjordisk beist. På same vis som robotane i Outrise blir dette beistet styrt av ein spelar. Avsløringa kjem frå amerikanske Game Informer som vil utbrodere kva spelet handlar om i sitt februarnummer.

Stadig sterkare

Første glimt frå Evolve.
Første glimt frå Evolve.

I kampen mot beistet vil dei fire allierte spelarane kunne ta på seg rolla ulike jegarar som alle har sine unike eigenskapar og gjenstandar. For å overleve mot beistet vil det etter alt å døme bli avgjerande å samarbeide klokt, og utnytte kvarandre sine eigenskapar. I ein video på Game Informers sider snakkar utviklarane om å ha henta inspirasjon frå Predator-filmane, og at spelarane til dømes av og til må vere heilt stille for å sjå om dei kan høyre kvar fienden er.

Om du står fritt til å velje jeger, eller om dei fire spelarane får velje kvar sin figur frå eit utval slik det blei gjort i Left 4 Dead vitast ikkje.

Det utanomjordiske beistet vil på si side ha ei lang rekke angrep og eigenskapar å by på, slik at jegerane kan få passa sine påskrivne. I tillegg vil beistet vakse seg større og sterkare for kvar kamp som blir spelt, noko som bør kunne by på langsiktig potensiale.

Evolve var originalt ein THQ-tittel før det selskapet gjekk under for eit år sidan. Etter ei auksjonsrunde snappa 2K Games opp rettane til samarbeidsspelet for nesten 70 millionar kroner.

Evolve kjem i sal til hausten for Windows, Xbox One og PlayStation 4.

Om du er på jakt etter fleire skytespel til neste generasjon kan du ta ein kikk på vår ferskaste sniktitt på Xbox- og PC-skytespelet Titanfall, samt vår vurdering av PlayStation 4-eksklusive Killzone: Shadow Fall.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen