Fleirspelaraction i The Witcher-universet

Neste stopp for CD Projekt Red er MOBA-action på mobil.

Med suksessen konkurranseprega MOBA-spel som League of Legends og DOTA 2 har bygd opp, er det ikkje overraskande at fleire og fleire vil ha sin bit av kaka. Så langt har vi sett MOBA-spel basert på alt frå Ringenes Herre til superheltar, og Blizzard jobbar med sitt eige spel der heltar og skurkar frå spela deira dukkar opp til kamp.

Best kjende for den svært solide rollespelserien The Witcher, er kanskje ikkje CD Projekt Red det første studioet ein tenkjer på når ein ser føre seg kven som vil lage det neste store MOBA-spelet. I dag har dei derimot sendt ut ei pressemelding der dei har avslørt The Witcher: Battle Arenda, eit MOBA-spel for mobile plattformer.

Spelet som let deg kjempe som diverse figurar frå The Witcher-universet vil bli lansert for Android, iOS, samt Windows-mobilar og nettbrett i løpet av årets siste kvartal.

Utan betalingsmur

Kan The Witcher: Battle Arena bli den neste mobilslageren?

I likskap med mange andre spel i desse dagar blir The Witcher: Battle Arena gratis å laste ned og spele. I pressemeldinga fortel CD Projekt Red at når dei seier spelet er gratis, meiner dei at spelet er gratis. Battle Arena vil ikkje ha mekanikkar som let deg betale for å vinne, men vil la deg låse opp alt innhaldet ved å spele spelet. Om du vil kan du likevel betale for å låse opp ting som nye heltar og kosmetiske endringar raskare.

I spelet vil seks heltar møte kvarandre til kamp i ein arena. CD Projekt Red lovar ei endelaus rekke med strategiar og komplekse strategiar, og spelet vil la deg utvikle dei ulike heltane slik det passar deg.

Spelet er designa av CD Projekt Red, men blir utvikla av polske Fuero Games.

Det neste storspelet i The Witcher-serien blir The Witcher 3: Wild Hunt som lanserast i februar neste år.

Siste fra forsiden