Folket vil ha realistiske rollespel

Mafia-skaparanes Kickstarter-kampanje i mål på to dagar.

I desember avslørte Mafia-skaparane i det ferske studioet Warhorse Studios rollespelet Kingdom Come: Deliverance. Spelet blei presentert som eit realistisk rollespel der det ikkje er snakk om å kjempe mot alvar og orkar med magi og overdimensjonerte våpen. I staden snakkar vi om eit realistisk rollespel der du møter menneske i realistiske kampar der fysikkens lover er gjeldande. Lite skal til for å døy, og det gjeld å gå fram varsamt.

Til dømes må du ete mat for å overleve, og du vil ha stor fridom til å gå fram slik du vil. Du blir ikkje dytta inn i ei bestemt rolle, men vil kunne velje blant mange roller. Kor god du er i diverse felt vil endre seg etter kor mykje du brukar dei.

Suste forbi målet.

Du er ingen supermann i spelets kampar.
Du er ingen supermann i spelets kampar.

For eit par dagar sidan lanserte Warhorse Studios ein Kickstarter-kampanje for å halde utviklinga i gong. Målet med kampanjen har vore å måle kor stor interesse det er for eit slikt spel blant spelarane. Større utgjevarar har ikkje vist spelet interesse, men ein privat investor har så langt vore med på å finansiere utviklinga. Han ville derimot sjå om det var ein marknad for eit slik spel, og med det blei ein Kickstarter-kampanje lansert.

Alt tyder på at folk svært gjerne vil ha eit realistisk rollespel, for Kingdome Come: Deliverance-kampanjen har nådd målet sitt på 3 millionar kroner på under to dagar. I skrivande stund ligg dei på 3, 5 millionar kroner, og det med 27 dagar igjen av kampanjen.

I motsetning til dei fleste andre Kickstarter-kampanjar har ikkje Warhorse Studios lagt ut ei liste med langsiktige mål for kva dei vil gjere om dei sankar inn meir pengar. Sidan målet no er i boks vil tida vise korleis utviklarane vil handterer denne biten av kampanjen.

Rollespel er populær kost på Kickstarter. Obsidian hadde stor suksess med sine kampanje for Pillars of Eternity, medan inXiles Wasteland 2 nyleg blei tilgjengeleg på Steam Early Access, noko du kan lese meir om i vår sniktitt.

 

 

Kommentarer (43)

Forsiden akkurat nå

Til toppen