Forbetra Deus Ex til Wii U

Om du sleit med sjefskampane i originalen kan du puste ut.

Etter mange år utestengde frå Deus Ex-verda fekk vi endeleg eit gjensyn med superagenten Adam Jensen i 2011. Då dukka det herlege Deus Ex: Human Revolution opp. Spelet bydde på solid valfridom i korleis vi kunne løyse forskjellige situasjonar. Spelet var likevel ikkje utan sine problem. Blant anna var sjefskampane som tatt ut av eit heilt anna spel, og braut med flyten.

Desse sjefskampane er ein av mange ting som blir endra i Wii U-eksklusive Deus Ex: Human Revolution Director's Cut, som Square Enix og Eidos har kunngjort i ei pressemelding i dag. Alle sjefskampane har blitt bygd opp frå grunnen av, og vil no la deg bruke både hacking og sniking som effektive framgangsmåtar.

Deus Ex: Human Revolution til Wii U.
Deus Ex: Human Revolution til Wii U.

I originalversjonen av spelet var dei utelukkande basert på at du skulle pepre dei med kuler. Dette passa ikkje så godt om du hadde valt å oppgradere Jensen sine eigenskapar innanfor heilt andre felt enn kamp.

Utover dette får Wii U-versjon betre kunstig intelligens, og Eidos fortel at dei har jobba med å balansere spelet betre, samt at grafikken skal ha fått seg eit solid løft. Utvidingane The Missing Link og Tong's Rescue har i tillegg blitt bygde inn i spelet.

Deus Ex: Human Revolution Director's Cut vil ta i bruk Wii U-kontrollaren på ulike måtar. Du vil kunne bruke den til å både hacke, sjekke kart, bruke snikskyttarrifle, og fleire andre ting. Spelet vil by på ekstramateriale i form av kommentatorspor frå utviklarane og hjelpeguider om du skulle sitje fast. Full integrering med Miiverse står òg på plakaten.

Deus Ex: Human Revolution Director's Cut blir eksklusivt for Wii U, og kjem i sal snart.

Les også: Epic Mickey 2 lev vidare
Les også: Thief kjem til neste generasjon

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen