Forenkla Wii-kontroll frå EA

Om du er ung eller gammal spelar inga rolle. Har du dårleg koordinasjon og presisjon, vil du raskt kunne henge etter i eit utfordrande spel på Wii. Maskina stiller ikkje kun krav til ferdigheitene dine i spelet, men utfordrar deg samtidig på eit fysisk nivå, noko som kan skape eit stort gap mellom spelarar.

Med dette i tankane har Electronic Arts utvikla «EA Family Play». Dette er eit forenkla kontrolloppsett som vil bli ein del av ei rekke komande titlar. I første runde kjem kontrolloppsettet til Madden NFL 08, NBA Live 08, og FIFA 08.

Med Family Play vil du kunne legge all konsentrasjon på å skyte, kaste eller slå ballen. Ein kunstig intelligens vil ta seg av all springing og manøvrering. Om dette ikkje fristar, vil eit avansert oppsett bli tilgjengeleg for dei som ynskjer å gjere alt sjølv. Med Family Play vil du kun bruke Wiimoten, medan du brukar både Wiimoten og Nunchucken i det avanserte oppsettet.

Family Play er tenkt som ein usynleg hjelpar for uerfarne spelarar som ikkje greier å hevde seg i konkurranse med andre spelarar. Om dette vil gi nybyrjarar ein urettferdig fordel gjenstår å sjå.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen