Anmeldelse

Forgotten Realms: Demon Stone

Tre veldig sannsynlege heltar, legg ut på eit svært sannsynleg eventyr for å redde verda frå ein frykteleg sannsynleg vondskap som kan øydeleggje dei alle. Tolkien hadde nok meir fantasi, men han hadde aldri så god underhaldning.

Side 1
Side 2

Du har sikkert høyrt om Faerûn før. Etter at Wizards of the coast tok over TSR har Dungeons & Dragons blomstra som aldri før. Eit hav av forskjellige spel, om det så er til PC eller konsoll, har dukka opp gjennom dei siste åra. Ekstra spesielt blir det at svært mange av dei er veldig gode spel. I tillegg har dei fleste utganspunkt i Faerûn, verda i Forgotten Realms, og meir spesifikt, byen Baldur's Gate. Det er fortsatt Forgotten Realms som står for setting i Stormfront sin siste tittel, men Baldur's Gate blir ikkje nemnt med eit ord. Kanskje like greit?

Med Baldur's Gate: Dark Alliance viste Wizards of the Coast at rollespela deira kunne fungere svært bra på konsoll, riktignok i nedstrippa versjon. Heldigvis er ikkje Forgotten Realms: Demon Stone enda eit produkt av Snowblind sin Baldur's Gate-motor. Det er ein finfin motor, men det byrjar kanskje å bli litt vel mange spel der ute som brukar akkurat denne. Nei, Stormfront tek ei anna rute. I eit kanskje litt dristig stunt får vi her eit action-eventyr utan nokon form for fleirspelar-modus. Du har tre karakterar du kan bytte mellom ved eit knappetrykk, og har du spelt The Lord of the Rings: The Two Towers vil du raskt kjenne deg igjen.

Ikkje fullt så originalt Historia er skriven av den annerkjente forfattaren R.A. Salvatore, som har skrive mange bøker om Forgotten Realms. Dette burde kanskje gi eit håp om ei episk historie vi sjeldan ser i denne type spel, men fullt så bra er det ikkje. Den er forsåvidt god, og har sine interessante moment og tvistar, men litt meir originalitet hadde ikkje vore så dumt. Historia dreier seg rundt tre svært forskjellige heltar, med sine forskjellige eigenskapar (jada, jada, høyrt det før). Krigaren Rannek, magikaren Illius og tjuven Zhai. Alle tre er einstøingar som enten er utstøtte eller har mista alt (oi, den var ny). Saman blir dei nødt til å sjå forbi sine forskjellar, og samarbeide for å redde verda si (akkurat ... greit, eg skal slutte).

Kort tid etter dei møter kvarandre er dei så uheldige å forville seg inn i ei krystallmine, og møter starten på sine eventyr, og det er først no historia eigentleg byrjar. Det dei ikkje veit er at deira nærvær snart skal sleppe fri to mannevonde erkerivalar; Githyankien Cireka og Slaaden Ygorl. Desse to er knallharde konkurrentar. Begge vil gjerne ta over Faerûn, og forme den etter sin smak. Det betyr at du ofte fungerar som ei flue på veggen medan desse to kastar ildkuler og monster på kvarandre i eit ganske intenst tempo. På fleire brett vil du kunne sjå desse to turtelduene vise fullstendig mangel på respekt for områda dei er i, og sende alt dei har av øydeleggjande krefter mot kvarandre. Til og med monstera angrip kvarandre. Du legg raskt merke til at i god Stormfront stil skjer det veldig mykje på skjermen til ei kvar tid.

Ta det aller første brettet som eit eksempel. Du møter dei tre hovudpersonane ein etter ein, medan du kjemper deg gjennom eit slag, befrir litt fangar og brått legg merke til den enorme dragen som held på å sende ei stor, varm kule i din retning. I tillegg flyg steinar frå katapultar tvers over slagområdet, og det heile kan kort og godt beskrivast som eit intenst kaos. Eit fantastisk bra førsteinntrykk gir det også, for heile spelet er slik. Det skjer ting. Om det så er erkerivalane som prøvar å ta livet av kvarandre i bakgrunnen, eller sivile som spring i panikk.

Kunsten å drepe Å kontrollere dei tre heltane er ei smal sak. Alle har sine spesialområde, men mesteparten av tida vil du bruke til å trykke hemningslaust angrepsknappane. Gjennom spelet vil du kunne bruke erfaringspoeng på å kjøpe nye ferdigheiter og magi-typar. Desse kjem enten i form av komboar for å gi suverent meir med skade, eller som til dømes i magikaren Illius sitt tilfelle; halde inn der du kan bruke magi ved forskjellige kombinasjonar av knappar. Å kjøpe nye ferdigheiter betyr ikkje at du til slutt endar opp med eit svimlande arsenal du aldri lærer deg, men oppgraderar heller det du har frå før. Du har eit lite sett med enkle komboar som blir betre og betre. I Illius sitt tilfelle er dette eigentleg litt synd, sidan du konstant byttar ut magien din, er du glad i lynet ditt må du til slutt sei farvel til det.

Av spesielle ferdigheiter er det kun Zhai som har noko verkeleg interessant å by på. Ved å springe over mørke, glitrande felt kan ho gøyme seg i skuggane. Om ho spring opp bak ein fiende kan du berre trykk på ein knapp og ho kuttar strupa på fienden utan ein lyd. Dette kan også bli effektivt i kampar der du kan gøyme deg. I staden for å bruke lang tid på å slå ein fiende mange gongar, kan ho lett plukke ned ein og ein utan å blunke. For kvar fiende du drep vil du gradvis fylle opp eit helte-meter. Når dette er fullt kan du utføre eit spesialangrep som gir langt større skade. Om alle tre heltane har fyllt opp dette meteret kan dei samarbeide i eit angrep som slår ned alt på skjermen.

Forgotten Realms: Demon Stone er eit kort spel. Du har kun ti kapittel til rådigheit, og du kan runde heile spelet på ein eller to kveldar, avhengig av kor mykje tid du har. Likevel føler du deg betre når du når rulleteksten, enn kva i alle fall eg opplevde då rulleteksten på Baldur's Gate: Dark Alliance rulla fram på skjermen for første gong. Historia i Forgotten Realms: Demon Stone er velskriven, og inneheld essensielle delar som byrjing, høgdepunkt og avslutning. Ting som har ein lei tendens til å blir gløymt i mange andre spel. Du skjønar når du nærmar deg slutten, men sidan spelet har bydd på så pass mykje moro, blir du eigentleg ikkje skuffa.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden