Første detaljar om The Evil Within

Bethesdas grøssarspel blir langt frå ein søndagstur.

I går kunngjorde Bethesda The Evil Within. Dette grøssarspelet kjem frå Resident Evil-skaparen Shinji Mikami og selskapet hans Tango Gameworks. Alt vi fekk servert i går var ein trailer som viste oss mindre enn ingenting frå sjølve spelet, men sette stemninga for at dette vil bli eit grafisk og ubehageleg spel.

No har vi fått tak i dei aller første detaljane om spelet. Den japanske nettstaden for spelet er oppe og går, og spelsida Gematsu har gravd fram ein del informasjon som spelet som viser seg å nytte nyaste versjon av id Softwares grafikkmotor id Tech 5.

I The Evil Within møter vi detektiven Sebastian. Han og partnaren hans reiser til åstaden for eit brutalt massemord. Han blir angripen, blir bevisstlaus og vaknar opp i ei verd full av monster, død og galskap. Denne verda blir etter alt å døme ei solid utfordring. Den vil endre seg på groteske måtar som respons på spelaren sine handlingar, og farar lurer rundt kvart hjørne.

Desse farane kan vere alt frå uhyggjelege monster til livsfarlege feller. Fellene vil ikkje berre vere farlege for deg, men kan og brukast av deg for å ta knekken på monstera som luskar i skuggane.

Tilbake til røtene

Mykje tyder på at regissør Shinji Mikami går tilbake til røtene sine med The Evil Within. Dei første Resident Evil-spela var nervepirrande opplevingar der du måtte klare deg på minimalt med ressursar og utstyr, noko som har endra seg mykje i dei meir actionprega spela vi har sett dei siste åra.

Skralt med ressursar ser ut til å bli eit nøkkelord for The Evil Within òg, sidan Sebastian må klare seg med lite hjelp frå omverda. I følgje Gematsu lovar spelet å få det til å gå kaldt ned over ryggen din medan du finn den perfekte balansen mellom action og ubeskriveleg terror.

Vi har sett noke solide og svært så nifse spel dei siste åra, men dei verkeleg store seriane har i nyare tid ikkje klart å overbevise på skrekkfronten. Kan Bethesda og Shinji Mikami få populariteten til reinspikka skrekkspel tilbake til gamle nivå?

The Evil Within blir lansert får Windows, PlayStation 3, Xbox 360 og neste konsollgenerasjon ein gong i løpet av 2014.

Les også: Kalde grøss med Unreal Engine 4
Les også: Del Toro-grøssar kan få nytt liv

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen