Første glimt frå Murdered: Soul Suspect

I Square Enix sitt neste storspel er du ein død privatdetektiv.

For ei tid tilbake byrja namnet Murdered: Soul Suspect å svirre rundt på veven. Det einaste som blei klart er at det er eit spel frå Square Enix som sannsynlegvis handla om eitt eller fleire drap, men det stoppa der.

I dag har Square Enix i ei pressemelding fortalt litt meir om kva vi har i vente. Spelet som kjem til Xbox 360, PlayStation 3 og Windows til neste år, kastar oss inn i rolla som detektiven Ronan O'Connor. Den store tvisten er at spelet startar med at Ronan blir myrda, og må bruke resten av spelet på å finne kven som gjorde det, og kvifor.

Etter drapet endar Ronan opp i limbo. Derifrå kan han sjå og høyre det meste, men utover det er det ikkje så frykteleg mykje han kan gjere. Han kan ikkje snakke med folk, men han kan lytte til tankane deira, manipulere dei, og utforske områda fritt utan at nokon kan stå i vegen for han.

Square Enix har ikkje fortalt kven som lagar spelet, men dei har lansert ein flunkande ny trailer som på sedvanleg Square Enix-vis set stemninga før vi får eit par korte glimt av korleis spelet i seg sjølv vil sjå ut. Traileren kan du sjå nedanfor.

Les også: Nytt Deus Ex under utvikling hos Eidos Montreal
Les også: Bravely Default kjem til Europa

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen