Første Tomb Raider er ute på iOS

Actionklassikaren som skapte eit ikon er tilbake.

Lara Croft har kanskje blitt fødd på ny i Crystal Dynamics og Square Enix sitt ambisiøse actionspel frå tidlegare i år, men det betyr ikkje klassikaren frå 90-talet er gløymd. I dag har Square Enix gjort det aller første Tomb Raider-spelet tilgjengeleg på iOS plattformer, fortel VG247.

Tomb Raider blei originalt utvikla av no nedlagde Core Design. Spelet blei lansert på PC, PlayStation og Sega Saturn i 1996, og blei ein massiv suksess. Spelet bydde på action og eventyr som på den tida var banebrytande. Samtidig blei Lara Croft raskt eit ikon i spelverda, og mange oppfølgjarar, samt to Hollywood-filmar med Angelina Jolie i hovudrolla følgde.

Nye utviklarar

Lara Croft for 17 år sidan.

I 2006 tok Crystal Dynamics over ansvaret for Tomb Raider-serien. Dei lanserte tre spel med Lara Croft slik vi kjenner ho best, før dei i 2010 kunngjorde at dei ville starte serien frå grunnen av med Tomb Raider, som blei lansert tidlegare i år.

I dette spelet møter vi Lara Croft på hennar aller første eventyr, i god tid før ho har fått tid til å bli den tøffe og erfarne eventyraren vi blei introduserte for i det aller første Tomb Raider-spelet.

Spelet fekk jamt over god mottaking, men vår meldar meinte at dei mange skytekampane etter kvart blei noko keisame. Square Enix kunngjorde nyleg at Tomb Raider kjem i oppussa drakt for neste generasjon i slutten av januar.

Mange spel har latt seg inspirere av Tomb Raider opp gjennom åra, noko vi tydeleg kan sjå i seriar som Assassin's Creed, og ikkje minst Uncharted.

Siste fra forsiden