Førsteinntrykk Final Fantasy XV

(Bilde: Square Enix)

Final Fantasy går nye vegar

Har Square Enix klart å revitalisere sin viktigaste serie?

Å spele Final Fantasy XV er nesten litt vanskeleg å ta inn over seg. Spelet har vore under utvikling så lenge at mange av dei som kjem til å spele det ikkje kan hugse ei tid før Final Fantasy XV.

Final Fantasy XV blei kunngjort for heile ti år sidan. Det er kanskje ikkje så frykteleg lenge for ein vaksen mann, men for ein person i starten av tenåra er det så og seie heile livet.

Samtidig er det ti år sidan Square Enix avslørte Final Fantasy XIII, og det er ikkje så dumt å sjå på desse spela side om side, om ein lurer på korleis serien har utvikla seg.

Jaktutrustning anno 2016. (Bilde: Square Enix)
Jaktutrustning anno 2016. (Bilde: Square Enix)

Final Fantasy XIII var eit polariserande spel, men ein ting er sikkert. Det var umogleg å sjå det som noko anna enn eit Final Fantasy-spel. Den overdådige settinga, dei fargerike karakterane, den store variasjonen i område og monster, og ikkje minst den fantastiske musikken som godt mogleg var spelets absolutte høgdepunkt.

Final Fantasy XV er den rake motsetning. Det er eit spel som heilt tydeleg er laga for å møte all kritikk, og som ikkje ser ut til å bry seg så veldig mykje om kor vidt det er Final Fantasy nok. Det er nettopp her problemet mitt ligg. Eg veit det er eit Final Fantasy-spel, men det kjennest ikkje heilt slik enno. Etter ti timar har eg berre sett to ulike område, og dei liknar strengt tatt mykje på kvarandre. Det eine er tørt, det andre byr på ein innsjø og litt barskog. I staden for variasjon, har vi fått omfang.

Verre er det at vi i staden for ein stadig straum av herleg musikk, får fuglekvitter og lyden av vind. Eg slit litt med rolla musikk så langt har fått i Final Fantasy XV. Det er så skuffande lite av den. Square Enix har hyra inn Kingdom Hearts-komponist Yoko Shimomura til å komponere musikken, men så langt høyrer eg musikk berre i kamp og i enkelte område. Kvar er dei gripande tonane som fortel hjartet like mykje som synet kvar du er? Kvifor har dei ikkje nytta spelets natt og dag-system til å la musikken fortelje deg at sola går ned og utyska er på veg fram? Kvifor ikkje? Det er ein så vanvittig nobrainer, for å seie det på norsk, at eg er nesten litt paff. Fråværet av musikk er mykje av grunnen til at Final Fantasy-stemninga ikkje heilt har sige innover meg enno.

Hei, kompis!

I spelet møter vi Noctis, ein ung prins som saman med tre vener reiser ut på tur i ein bil som ser veldig dyr ut. Kvifor, er ikkje så viktig. Det ser det ikkje ut til at utviklarane meiner heller. Historia har plassert seg svært trygt i baksetet, og vender sjeldan på seg. Eg trur faktisk ikkje eg har sett meir enn ei handfull filmsekvensar i løpet av ti timar, og det er ganske uvanleg for eit Final Fantasy-spel.

Spelet matar deg stadig med nyttig info.
Spelet matar deg stadig med nyttig info. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

I staden spring vi rundt i ei opa og kanskje hakket for tom verd, eller sit i ein bil som køyrer av seg sjølv. Venegjengen pratar mykje, og det er heilt tydeleg at det i starten av spelet er mykje viktigare å bli kjent med hovudpersonane gjennom sporadisk dialog, enn å presse ei historie ned i halsen din.

Det fungerer til dels. Venegjengen gror på meg, og eg ser absolutt kven dei ulike personane er, men etter ti timar skulle eg gjerne ha fått hakket meir historie for å drive meg vidare. Inntrykket mitt er at spelet knapt har starta, sjølv om eg har spelt ei god stund. 

Mykje av det kan vere min feil. Final Fantasy XV byr på ganske mange sideoppdrag. Det kan vere at nokon vil du skal finne noko, eller jaktoppdrag du kan plukke opp her og der. Felles for dei fleste er at du må ut på tur, og det er noko som raskt tek mykje tid. Vi snakkar svært store avstandar, og mykje tid går med på å berre springe rundt. Du kan bryte opp den medfølgjande monotonien ved å kanskje finne eit nytt oppdrag på vegen, eller ved å plukke opp litt ressursar her og der, men jamt over tek det heile meir tid enn eg set pris på. 

Ikkje heilt nytt

Situasjonen kan minne ein heil del om Capcoms fantastisk rollespel Dragon's Dogma. I ei gruppe på fire personar spring du frå A til B medan du kontinuerleg trykk inn sprint-knappen. Rundt deg høyrer du småprat frå folka som spring saman med deg, og med jamne mellomrom sankar du ressursar eller kjempar mot fiendar.

Kjerra er ein svært viktig del av Final Fantasy XV.
Kjerra er ein svært viktig del av Final Fantasy XV. Bilde: Square Enix

Det som stikk seg ut er kor mykje betre Dragon's Dogma gjorde akkurat dette. Avstandane er kortare, du kjem fortare fram, det er meir variasjon i landskapet, og du finn mykje meir av både ressursar og fiendar. I Final Fantasy XV følest det som om eg spring i fleire minutt utan distraksjonar for å nå ein destinasjon. Heldigvis kan eg ta på meg fleire oppdrag, men at du berre får lov til å ta på deg eitt jaktoppdrag om gongen er veldig surt. Kvifor skal eg springe heile vegen fram og tilbake for å få gjort to jaktoppdrag i same område, når eg kunne spart mykje tid på å ta begge i same slengen?

Men som eg sa var det litt min feil. Eg har ein tendens til å ville ta på meg alt av oppdrag i eit område før eg går vidare. Dette gjer slik opa-verd-spel til eit mareritt nokre gongar. Final Fantasy XV har eit fint triks for å gjere dette problemet lettare å handtere. Ei stund inn i spelet får du tilgang på Chocobo-fuglar, og å ri på desse får alt til å gå veldig mykje raskare. Mitt råd til deg er å berre ta det heilt med ro med sideoppdraga ei stund. Få deg ein Chocobo og ta deg av oppdraga då, du tapar ingenting på det, men sparar mykje tid.

Det er ikkje mykje å utsetje på storleiken.
Det er ikkje mykje å utsetje på storleiken. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Før vi rundar av og går tilbake til å spele spelet, må vi ta nokre ord om kampsystemet. Final Fantasy-serien er kjend for å heile tida fornye seg sjølv. Til og med gjennom alle dei turbaserte Final Fantasy-spela var det mykje som skjedde under panseret frå spel til spel. Final Fantasy XV er på si side ei fundamental omvelting. Spelet har fått eit kampsystem som går i sanntid, og det er svært ulikt tidlegare Final Fantasy-spel.

Alt du eigentleg treng gjere for å skade fienden er å halde inn angrepsknappen. Då angrip Noctis av seg sjølv. For å krydre litt på det heile kan du dytta på analogstikka for å utføre ulike angrep. Blokkering og unnvikingsmanøvrar blir raskt viktige, for fiendane i dette spele kan slå hardt. Jamt over fungerer det ganske godt, og blir krydra med dei ulike våpna Noctis raskt kan skifte mellom. Forskjellige fiendar er svake og sterke mot uliek våpen, og blir difor viktig å skifte våpen regelmessig.

Venene til Noctis er samtidig svært viktige. Dei hiv seg ut i kamp på eige initiativ, men du kan lære diverse teknikkar du kan be dei om å bruke. Ei rekke faktorar kan i tillegg utløyse samarbeidsangrep, og det er svært moro å sjå korleis gjengen samarbeider om å ta ned fiendane. Magi er naturlegvis med i spelet, men har ei mykje mindre rolle enn kva vi er vande med. I staden for å ha eigne magikarar på laget, kan du koke saman magiske formular som kvar av heltane kan bruke som eit våpen.

Sjølv om spelet går i sanntid har Final Fantasy XV ein modus som fungerer som ei bru mellom sanntid og dei turbaserte kampane vi kjenne frå før. Der blir spelet pausa når du tykkjer på knappar, og du kan såleis velje angrep eller gjenstandar du vil bruke utan å bli slått i bakken først. Eg er ikkje heilt fan av dette systemet enno, men skal setje meg inn i det i dagane som kjem.

Konklusjon

Kampane blir lett hektiske seansar.
Kampane blir lett hektiske seansar. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Dette er det minst Final Fantasy-aktige Final Fantasy-spelet eg har spelt. Akkurat det er det ingen tvil om. Det er bra, og eg kosar meg, men eg får ikkje den kjensla som alle Final Fantasy-spel har gjeve meg. Mest av alt synest eg dette er musikken sin feil. Det er for lite av den, og det som finnest av den minnar meir om typisk Hollywood-musikk enn store melodiøse nummer som set seg fast i hovudet.

Det er synd, men spelet består naturlegvis av veldig mykje meir. Det er svært mykje å ta tak i, og det at eg knapt føler historia har byrja etter ti timar, seier sitt. Kampsystemet var ikkje heilt der i starten, men etter kvart som eg får systemet meir og meir inn i henda, og byggjer opp heltane, blir det betre og betre. 

Betre og betre er strengt tatt eit gjennomgåande tema for tida mi med Final Fantasy XV så langt. Sjølv om ting tek tid, og historia let vente på seg, merkar eg at spelet stadig matar meg med fleire grunnar til å spele. For kvar time som går blir eg enda litt meir engasjert, og det er noko som lovar godt. Det er veldig lett å berre spele litt til, og det lovar godt for mitt framtidige eventyr.

Dette er eit førsteinntrykk av Final Fantasy XV. Vår anmeldelse kjem om ikkje så alt for lenge. 

Final Fantasy XV PS4 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. november 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Beste priser

På lager 499,- Til butikk
På lager 499,- Til butikk
På lager 499,- Til butikk
Forventet lagerdato 499,- Til butikk

Kommentarer (25)

Forsiden akkurat nå

Til toppen