Førsteinntrykk Førsteinntrykk: PlayStation Move

Framtida i våre hender?

Vi har køyrt den nye storsatsinga frå Sony gjennom eit testløp.

Det spelar inga rolle om du likar det eller ikkje. Rørslebasrt speling er det store for tida, og etter Nintendos braksuksess med Wii har både Sony og Microsoft kasta seg inn i dansen, om enn med to veldig forskjellige produkt. No har eg omsider fått testa Move grundig i min eigen heim, heilt utan optimaliserte forhold i regi av produsenten sjølv. Det eg sit igjen med er ganske blanda kjensler. På visse punkt overgår dette Wii så det syng, men Move har samtidig nokre svært uheldige sider som garantert blir til stor irritasjon for mange.

Kontrollaren

I første omgang har vi berre fått tilsendt Move-kontrollaren utan nunchuck, og det er denne eg kjem til å fokusere på. Reint designmessig er det ein ganske elegant sak. Den er konstruert i same materiale som PlayStation-kontrollarane, og den ligg godt i henda. I staden for dei rette linjene til Wiimoten får vi i staden runde og behagelege former som burde passe for dei fleste. Samtidig er det ein kontrollar som passar utmerka uavhengig av om du er høgre- eller venstrehendt sidan den er symmetrisk på alle punkt.

Alt du treng for å vere aktiv framfor ein TV-skjerm
Alt du treng for å vere aktiv framfor ein TV-skjerm

Ein fordel i forhold til Wii er at alle knappane ligg samla på ein stad. I sentrum der tommelen din naturleg ligg finn vi ein stor knapp med Move-logoen. Denne fungerer som X-knappen gjer i dei fleste spel, og blir brukt for å både bla i menyar og trykkje deg vidare når du er i menyar. Den er samtidig i ein passeleg storleik og ligg i ei lita grop, noko som gjer den veldig lett å bruke.

Rundt Move-knappen ligg fire knappar med dei geometriske symbola vi kjenner frå PlayStation-kontrollaren. Dei ligg alle så nær Move-knappen at du aldri bør ha problem med å kome frå den eine knappen til den andre på kort tid. Knappane er riktig nok mykje mindre enn dei vi finn på PlayStation-kontrollaren, men dei er så pass høge at dei likevel er svært lette å bruke, og du merkar responsen umiddelbart. Eit kort stykke nedanfor Move-knappen ligg PlayStation-knappen. Den ligg òg i ei lita grop, noko som hindrar all fare for å trykkje på den ufrivillig.

På undersida av kontrollaren ligg avtrekkjaren som har fått tilnamnet «T». Dette er det einaste området eg ikkje er heilt overbevist kva knappar angår. Sony har heldigvis gjort denne konkav i staden for den konvekse forma på PlayStation 3-kontrollaren, og dette gjer den betre å bruke enn dei knappane, men likevel er den ikkje heilt optimal. Grunnen til dette er enkel. Den glatte overflata og den korte lengda det lett for fingeren å gli av knappen om du skulle bli klam i henda. Ved korte økter blir det aldri noko problem, men om du skulle bli ivrig i situasjonar der du må trykkje eller halde inn mykje kan det bli eit lite problem.

Den mest karakteristiske delen av kontrollaren er utan tvil den stor kvite ballen som står på enden av kontrollaren. Den er laga av mjuk gummi, og dette burde sørgje for at ingen kjem til skade om du skulle vere så uheldig å slå til nokon. Den lyser samtidig opp i forskjellige fargar medan du spelar, noko eg kjem tilbake lengre ned i teksten.

Lys, kamera, action
Lys, kamera, action

Praktisk bruk

Fordelen med Wii er at det spelar veldig lita rolla korleis du innreiar heimen din. Så lenge du har fri sikt til sensoren kan du sitje, stå, eller ligge som du vil. Det blir tidleg klart at dette ikkje er tilfelle med Move. Heilt frå det første spelet eg putta inn i maskina blir det tydeleg at dette er ein teknologi som kan kome til å krevje individuelle oppsett for kvart spel.

Litt av grunnen til dette er korleis Move fungerer reint teknisk sett. I staden for å bruke ein sensor som les eit signal, brukar Move eit kamera som registrerer rørslene til den lysande ballen på tuppen av Move-kontrollaren. Sjølv om denne teknologien aukar presisjonen nokre hakk i forhold til Wii, krev den samtidig meir presis konfigurering om du skal spele spel der du står, sit, eller kanskje kryp på golvet.

For å konfigurere Move-kontrollaren for eit spel må du stille inn kameraet slik at Move-ballen er midt i skjermen når du peikar med kontrollaren rett mot det. Har du først gjort dette ein gong treng du sjeldan å gjere det igjen, og så lenge du ikkje må skifte mellom å stå eller sitje medan du spelar vil du aldri måtte justere på noko igjen. Om du derimot skiftar mellom sitjande og ståande stilling (nokre spel krev at du står) vil du sjå deg nøydt til å fikle med kameraet for å få optimalisert responsen.

Det største irritasjonsmomentet med å justere kameraet for forskjellige spel er eigentleg kabelen på kameraet. Den er for tjukk, og sidan kameraet er veldig lett har den ein tendens til å flytte kameraet om den ikkje ligg låst eller teipa fast til noko. For min del enda eg opp med å bruke ei bok, men eg ser føre meg at det veldig kjapt vil kome nokre smarte kamerastativ frå forskjellige produsentar ute etter å tene nokre kjappe kroner (akkurat her står eg forresten først i køa for å tømme lommeboka mi).

Alt du treng på ein stad
Alt du treng på ein stad

Ei smakssak

Kva du måtte meine om å måtte justere kameraet er eigentleg høgst individuelt, men det er absolutt forståeleg at det er slik. At du har eit kamera – samt at vinkelen kan justerast – opnar opp for fleire forskjellige typar spel, og spelopplevinga blir ganske fleksibel. Sjølv om du aldri må gjere dette på Wii, har heller ikkje Wii noko kamera for å vise deg medan du spelar, og kameraet ser ut til å bli flittig brukt av mange komande Move-spel.

Sjølv om kvaliteten på biletet er høgst diskutabel, er det ein artig detalj. I Start the Party ser du til dømes deg sjølv i skjermen til ei kvar tid, medan Move-ballen blir byta ut med forskjellige gjenstandar. Her kan du til dømes bruke lommelykt for å finne spøkjelse, slå irriterande insekt med ei smekke, eller gjere eit forsøk på å fylle nokre figurar med måling. At du kan sjå deg sjølv i mange spel medan du herjar på er samtidig noko som kan bli eit stort pluss for dei sosiale spela, der ein heil gjeng blir samla midt i skjermen medan dei oppfører seg som små born.

Start the Party er eit lite spel som illustrerer veldig godt kva Move er i stand til. Vi får demonstrert at presisjonen er mykje mjukare og presis enn kva Wii er i stand til, men det blir samtidig veldig tydeleg at om du skal teikne ei bein line er det framleis ein veg å gå. Move klarar ikkje dei heilt små detaljane, og medan eg måla i Start the Party kunne eg sjå korleis streken brått gjorde små rykk og napp eg ikkje er rask nok til å gjere sjølv. Likeeins har eg hatt nokre problem med EyePet. Visse kommandoar blir ikkje lest godt nok, og då eg skulle få dyret til å hoppe mot henda mine, var det meir interessert i å leikne med skuggen til handa mi.

Generelt sett er Move uansett nokre solide hakk over Wii i rein presisjon. Så lenge alt er konfigurert optimalt, noko verken møblar, rot eller lysstyrke i rommet ser ut til å påverke, kan du sjå fram til akkurat det same du har gjort på Wii i nokre år no, berre med betre flyt.

Alle knappar er lett tilgjengelege
Alle knappar er lett tilgjengelege

Fargerik innovasjon?

Det som gjer meg mest spent med Move er kva den kvite ballen på enden av Move-kontrollaren vil bli brukt til. Den kan vise alle regnbogens fargar, og dei forskjellige spela eg har spelt har alle vist forskjellig bruk av fargane. Kva dette kan brukast til i framtidige spel kan bli interessant. I Start the Party pulserte den til dømes i skarpe lys, medan Kung Fu Rider satsa på solide fargar. I komande spel kan vi kanskje sjå føre oss at den lyser opp kvar gong du skyt ei kule, eller at den blinkar raudt i takt med vibrasjonen om du er hardt skada.

Dette er sjølvsagt tankar basert på actionspel, men ideen står. Å vidareføre dette til sportsspel og eit og anna slag med eit sverd burde vere ei smal sak.

Konklusjon

Er Move betre enn Wii? Både ja og nei. Presisjonen er absolutt betre, og det finnest ingen tvil om at Move kan gå stadar Wii berre kan draume om. Likevel er eg ikkje heilt overbevist. Å måtte justere kameraet for forskjellige spel er ein irritasjon. Du kan kanskje sjå på det som ei smal sak, men mykje av appellen til Wii er nettopp det at den er så lett å bruke. Alt du treng gjere er å koble alle kablar der dei skal vere, plassere sensoren under eller over TV-en, og du er i gong.

Samtidig ser eg ikkje heilt kva du eigentleg skal med Move om du allereie har Wii. Klart Move er i stand til å gjere ting Wii ikkje kan, og sjølvsagt er grafikken mange hakk betre, men kor mange av «casual»-spelarane slik produkt generelt er retta mot er det som eigentleg bryr seg om det? For mannen i gata er presisjonen til Wii god nok, og eg ser ikkje heilt korleis Sony skal kunne lokke desse kundane over til PlayStation 3. Tida vil vise. Det er godt mogleg det kjem fantastiske opplevingar til Move som skapar eit kollektivt hakeslepp. Det viktigaste er alltid spela, og det blir spanande å sjå kva framtida har å by på for PlayStation Move.

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen