Førsteinntrykk Nintendo 2DS

Komfortabelt og retroaktig leikety

Vi har prøvd Nintendos nyaste tilskot til 3DS-familien.

Det er ikkje mange år sidan 3D blei hausa opp til å skulle vere det verkeleg store. Konsollmakarar og spelutviklarar spydde om seg med lovord for spel i 3D, og korleis dette ville forandre kvardagen din. Det heile vara derimot ikkje så frykteleg lenge, og bølgja med 3D-spel som velta over oss har sige tilbake til havet, og no er det knapt snakk om å spele i tre dimensjon.

Med 3DS satsa den japanske giganten Nintendo hardt på 3D. Den store forskjellen mellom Nintendo og så og seie alle andre, var at der speling på ein større skjerm ville krevje at du investerte i ein TV som kunne vise 3D, samt eit par snasne briller, ville du med 3DS kunne sjå 3D heilt fritt for desse brillene.

2DS minnar litt om både GameBoy og Game & Watch. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
2DS minnar litt om både GameBoy og Game & Watch. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Det kan sjå ut til at 3D ikkje er så viktig likevel, for no har Nintendo lansert sin nyaste variant av 3DS-maskina si. Tidlegare har den vesle konsollen fått ei oppgradering gjennom 3DS XL som bydde på langt større skjermar, men 2DS er definitivt den mest radikale endringa så langt. Som namnet tilseier er det ikkje mykje 3D å spore i dette produktet. Maskina har blitt strippa for 3D-funksjonalitet, og i tillegg er kamskjelforma som har prega Nintendo sine portable konsollar heilt sidan Game Boy Advance SP heilt borte. 2DS kan likevel spele alle 3DS- og DS-spel.

Som eit leikety

Nintendo har med jamne mellomrom fått høyre at maskinene deira minnar mest om leikety. Mest gjaldt dette i eldre tider då designet var leikent med sterke fargar og store, runde former. Til dømes var GameCube ikkje stort meir enn ein liten firkanta boks med handtak. I nyare tid har dei satsa på meir vaksent og stilreint design, men med 2DS tek dei eit solid steg tilbake i tid.

Det er noko sjarmerande retroaktig over 2DS. Borte er dei skarpe linjene og blanke finishen. Tilbake står vi med eit flatt brett med breie former som mest av alt sender tankane tilbake til den aller første Game Boy-en. I eksemplaret vi har fått i hende har maskina blitt farga i kvitt, der raude kantsider minnar om dei gamle Game & Watch-maskinene. 2DS er i tillegg tilgjengeleg i ein svart variant der kantsidene er blå.

Følgjeleg ser maskina meir ut som eit lite leikety enn eit høgteknologisk vidunder, noko som på ingen måte er negativt. Utsjånaden inviterer til speling, og det herskar ikkje mykje tvil om at dette er ei maskin først og fremst laga for dei litt yngre blant oss.

Konstruksjonen er svært solid, og maskina har akkurat nok vekt i seg til at den kjennest robust. Det er ingen lause delar eller ulydar om maskina blir rista på, og etter eit par kontrollerte fall i bakken var maskina like fin. Det kan likevel vere lurt å gå til innkjøp av eit etui til maskina slik at ikkje skjermane får skrammer når den ligg stappa ned i ein sekk eller liknande.

Komfort i høgsetet

Etter nokre dagar med bruk er det først og fremst ein ting som peikar seg ut. 2DS er ein langt meir komfortabel konsoll enn 3DS. Dette er ein direkte konsekvens av at Nintendo har gått bort frå kamskjelforma. Sidan hengslene som held dei to delane av originale konsollen saman no er borte, har dette frigitt plass, og maskina er romslegare sjølv om dei to maskinene i rein storleik er svært like.

Du må ikkje lenger presse alle fingrane inn på ei lita flate, og du får hakket meir handlingsrom sidan maskina ligg betre i henda.

Både knappar og styrekontrollane er flytta lengre opp på maskina. Der dei på 3DS ligg ved sidan av den trykksensitive skjermen, ligg knappane no ved sidan av toppskjermen, medan D-paden ligg i grenseland mellom dei to skjermane. På høgre side av den nedste skjermen ligg Start- og Select-knappane med god plass rundt seg, og langt frå like trongt plassert som på den originale 3DS-maskina.

Dette gjer maskina mykje meir komfortabel å halde i lengre økter. Du må ikkje lenger presse alle fingrane inn på ei lita flate, og du får hakket meir handlingsrom sidan maskina ligg betre i henda. Den næraste samanlikinga blir kontrollaren til Wii U, sjølv om 2DS ikkje har grep slik Wiipaden har.

Ei lita ulempe har derimot dukka opp. Ryggknappane ligg no lengre vekk frå resten av knappane, noko som tvingar deg til å strekkje fingrane eller innta ei litt ukomfortabel handstilling i spel som krev regelmessig bruk av ryggknappane. Bortsett frå dette er likevel ryggknappane ei forbetring. Dei er store og runde, noko som gjer at fingrane ligg svært godt. Når dei ikkje er i bruk er det berre å la fingrane gli ned på baksida av maskina.

Styrestikka ligg ved toppskjermen, noko som gir betre komfort. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
Styrestikka ligg ved toppskjermen, noko som gir betre komfort. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Personleg har eg ganske store hender, og om du er av lik sort er det ein ekstra detalj som irriterer litt. Kantane nedst på maskina har ein tendens til å gni seg litt ubehageleg mot handflata om du ikkje held maskina laust. Over tid kan dette i verste fall føre til eit par raude og litt såre flekkar. For dei med små hender – eller born – bør dette derimot ikkje på nokon måte vere eit problem.

Dårleg lyd

2DS er ei billegare maskin enn sine 3DS-brør. Ein av grunnane til dette er at den ikkje byr på 3D, men vi finn og ei anna og ganske skuffande endring. Der 3DS kan by på ganske solid lyd for eit par små høgtalarar, byr den nye maskina på berre ein enkelt høgtalar. I tillegg til å berre by på monolyd er denne høgtalaren veldig dårleg. Om du skrur opp lyden eit stykke vil lyden i fleire spel byrje å skurre, noko som strengt tatt burde ha vore unngått. Eit headset er absolutt eit must om du verkeleg vil kose deg med spela dine.

2DS og 3DS er ganske like i storleik. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
2DS og 3DS er ganske like i storleik. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Ein ny knapp er lagt til for å setje maskina i sovemodus. Wi-fi-knappen er på si side fjerna, og du må i staden trykke på Home-knappen under den nedste skjermen for å få endre dette.

Andre funksjonar vi kjenner frå før er alle på plass. Nede på konsollen finn du ein liten mikrofon, medan du på toppen finn kameraet. På baksida finn vi to kamera akkurat som på 3DS. På sida finn vi òg ein SD-kort-inngang med eit inkludert kort på 4 GB. I motsetning til 3DS XL får du med ein lader i boksen.

Skjermane på maskina er nøyaktig dei same som på 3DS, og byr ikkje på nokon oppgraderingar i verken storleik eller lysstyrke. Det same kan seiast om batteriet som litt skuffande er av same sort som det vi finn i 3DS. Det vil seie at du kan sjå fram til i overkant av fem timar med speling avhengig av kor krevjande spelet er.

Konklusjon

2DS ligg godt i henda. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
2DS ligg godt i henda. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Ved første augekast kan 2DS kanskje framstå som eit ganske snodig produkt. Det er ei lita maskin som fjernar det som i størst grad gjer 3DS unik. Etter litt tid med maskina blir det klart at dette ikkje nødvendigvis er noko tap. Om du er blant dei som sjeldan tek i bruk 3D-funksjonen på 3DS har vi no eit alternative som kan tilby langt meir komfortabel speling over tid.

Maskina er romsleg og kan leggjast mellom hendene utan at du må tvinge fingrane på plass. Det er ei maskin som passar godt for både store og små. Overgangen frå den blanke og stilfulle utsjånaden på 3DS til den robuste og kompakte forma på 2DS er markant, men fungerer veldig godt.

Sjølv om dette er ei komfortabel og sjarmerande lita maskin er det likevel vanskeleg å sjå nokon veldig god grunn til å skaffe denne om du allereie har ein 3DS, med mindre du synest den originale maskina er ukomfortabel nok til at du vil investere i ei ny. Det er nok ikkje heilt tilfeldig at maskina blir lansert samtidig med det første Pokèmon-spelet til 3DS, og om det er dei minste i huset som aller helst vil huke tak i det spelet, er 2DS er robust alternativ.

Nintendo 2DS   Les mer »

Kommentarer (25)

Forsiden akkurat nå

Til toppen