Forsvarte PS3 med samuraisverd

Om Damian Fernandez har spelt demoen til Ninja Gaiden Sigma i det siste er ukjent, men nokre triks er det sannsynleg at han har plukke opp frå den maskerte helten. Med brunt belte i karate og eit samurai sverd, forsvarte han i følge Eurogamer heimen sin i Miami frå innbrotstjuvar forrige fredag.

Den nye politisjefen i Miami.
Den nye politisjefen i Miami.

Dei to kjeltringane som var frekke nok til å bryte seg inn, var på jakt etter PlayStation 3-maskina hans. Som vi alle veit tullar du ikkje med ein ekte gamer og maskinene hans, og det fekk tjuvane erfare. Medan ein av tjuvane var på rommet til søstra hans, hoppa Damian ned frå senga og fant sverdet sitt. Då tjuven kom springande, hogg Damian etter han med sverdet.

Kvifor dette ikkje påførte tjuven stor skade er litt uklårt, men i det minste fekk han seg ein solid støkk.

Resultatet blei at den eine kjeltringen sprang og gøyme seg bak naboen sitt palmetre (og blei funnen av ein politihund), medan den andre kom seg unna. Hadde dei to tjuvane hatt pistolar kunne nok situasjonen ha utarta seg på ein litt anna måte, men enn så lenge kan vi berolige oss med at det kanskje kan kome noko godt ut av å spele Ninja Gaiden.

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen