Frå Bulletstorm til makaber skrekk

Valdsveteranar satsar på stemning og mysterium.

I oktober blei det klart at både grunnleggjaren og fleire andre frå People Can Fly – studioet bak skyteorgien Bulletstorm – hadde starta eit nytt spelstudio. Under namnet The Astronauts gjorde dei det klart at dei ville satse på å lage korte spel med gode historier.

I dag har The Astronauts kunngjort sitt første spel. Det får namnet The Vanishing of Ethan Carter, og blir det utviklarane kallar «weird fiction horror». Prosjektet blir skildra som eit spel du bør spele om kvelden, aleine og med headset.

I The Vanishing of Ethan Carter spelar du ein etterforskar som har ei overnaturleg evne. Han kan visualisere åstadar for brotsverk, og er akkurat no på jakt etter ein bortført gut. Etterforskinga vil sende deg til eit vakkert fjellandskap der du finn liket til ein av kidnapparane. Eit rimeleg godt startpunkt med andre ord.

«Det viktigaste for oss er at spelarane får inntrykket av at dei verkeleg er der. Vår største prioritet er innleving. Spelet handlar om utforsking og oppdaging, og vi prøvar å lage eit spel der alt du gjer er meiningsfullt, og verkeleg gjer opplevinga betre.» fortel designer Adrian Chimelarz i ei pressemelding.

The Vanishing of Ethan Carter kjem ut til Windows i løpet av året. Ein stemningsfull minitrailer kan du sjå nedanfor.

Les også: Intim skrekk i førsteperson Les også: Kan du overleve helt til daggry

Siste fra forsiden