Frå Grammy til kjøtmarknaden

Journey-komponistens neste jobb blir skjørtejegaren Larry.

Det siste tiåret har ikkje vore bra for den ein gong så høgt elska sleskingen Larry. Der vi ein gong i tida møtte ein kar i kvit dress og bakoverkjemba hår på evig jakt etter litt høykos, hadde nye utviklarteam heilt andre tankar. Utan Larry-skapar Al Lowe på laget møtte vi i staden nevøen til Larry, og eit par forferdelege eventyr som handla meir om puling og drikking enn vegen dit.

I fjor enda derimot Al Lowe opp med sjansen til å jobbe med Larry igjen. Ein vellukka Kickstarter-kampanje sørga deretter for at Leisure suit Larry in the Land of the Lounge Lizards gjekk inn i produksjon. Teknisk sett er det ikkje eit nytt spel Al Lowe og Replay Games jobbar med, men ei nyskaping av det aller første spelet i Larry-sagaen.

Larry i gode, gamle dagar.

Replay Games har ved sidan av Al Lowe samla i hop resten av originalteamet som laga dei første Larry-spela. Om Land of the Lounge Lizards blir ein suksess vil dei hive seg i gong med arbeidet på det neste spelet i serien, og slik vil dei halde på til folk ikkje vil ha meir Larry i oppussa drakt.

Alle spel treng ein komponist, og no kan Polygon fortelje at Austin Wintory skal stå for musikken i gjensynet med Larry. Wintory blei nyleg nominert til ein grammy for beste musikk i visuelle medie, og vann i helga to prisar på Video Game Awards i Los Angeles for musikken han skapte til spelet Journey.

Leisure suit Larry in the Land of the Lounge Lizards vil dukke opp til PC, Mac, iOS og Android i løpet av våren.

Les også: – Spill er ikke morsomme lengre Les også: Kickstarter takker Double Fine

Siste fra forsiden