Frå porno til Saint's Row

Stjernespekka rolleliste i gangster-oppfølgjaren.

Volition veit å gjere ting på sin måte, noko dei understreka ganske godt under marknadsføringskampanjen til Saint's Row 2 der dei hyra inn pornostjerna Tera Patrick som ekstra produsent. Resultatet var ikkje stort meir enn ei utviklardagbok der Patrick sakte tok av seg kleda medan ho gjennom eit mjukpornografisk språk gjekk over detaljane i spelet.

Om dette førte til betre sal av Saint's Row 2 eller Tera Patrick-filmar er ikkje kjent.

Det kan uansett sjå ut til at Volition er nøgde med samarbeidet, og tek det heile eit lite steg vidare i Saint's Row: The Third. Denne gongen har dei hyra inn Sasha Grey, ei av dei mest populære pornostjernene i moderne tid. Ho skal spele Viola DeWynter, ei av to søstrer som styrer finansimperiet Syndicate.

Saint's Row: The Third byr på mange groteske våpen, som den legendariske lilla gigantdildoen.

Grey er derimot ikkje den einaste stjerna som vitjar Sain'ts Row: The Third. Den legendariske wrestlingstjerna Hulk Hogan skal spele wrestleren Angel DeLaMuerte som prøvar å ta over byen Steelport, medan Daniel Dae Kim returnerer for rolla si som Johnny Gat, løytnant for Third Street Saints.

Mikael tok ein kikk på Saint's Row: The Third under årets E3-messe, og han hadde dette å seie:

– Du må vere førebudd på å le mykje når The Third kommer til våre trakter i midten av november. Det er ikkje berre på grunn av dei morosame våpna og situasjonane. Dialogane sit som eit skot, og følgjast av eit smart manus som inneheld massevis av god timing i humoristiske augneblikk.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden