Framtida er mørk for Darkstalkers

Capcoms slåssespelserie ser ikkje ut til å vakne til live med det første.

Ved sidan av å vere godt kjende for zombieseriar som Resident Evil og Dead Rising har eit av Capcoms aller største talent vore i å lage solide slåssespel. Spesielt har Street Fighter-serien gått sine sigersrunder med jamne mellomrom, men dei har og skapt moro for folk med seriar som Marvel Vs. Capcom, og ikkje minst Darkstalkers.

I Darkstalkers møter vi ei rekkje monster og monsterjegarar i eit satirisk gotisk univers. Her møter vi både succubus og sasquatch i spenstige kampar.

Tidlegare i år lanserte Capcom Darkstalkers Ressurection for nedlasting på Xbox 360 og PlayStation 3. I dette spelet fekk vi to tidlegare spel i serien servert i høgare oppløysing. Eitt av måla med denne lanseringa var å sjekke kor stor marknaden kunne vere for eit nytt spel i serien.

Mottakinga blei ikkje heilt den Capcom hadde håpa på, og grunna labre salstal ser det ut til at serien no er lagt på is, sjølv om Capcom ikkje vil fullstendig utelukke noko. Til Siliconera fortel Matt Dahlgren frå Capcom følgjande:

«Vi har definitivt ikkje noko Darkstalkers i den umiddelbare horisonten.»

Street Fighter-serien går i alle fall godt. Nyleg kunngjorde Capcom atter ein versjon av sin mest populære slåssespelserie med Ultra Street Fighter IV.

Les også: Street Fighter blir TV-serie
Les også: Slåssespillet som definerte sjangeren

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen