Framtidssoldatane krigar vidare

Ubisoft har kunngjort nytt fleirspelarinnhald til Ghost Recon: Future Soldier.

Om du lengtar etter meir å bryne deg på i Ghost Recon: Future Solider har Ubisoft gode nyhende. I dag har dei i ei pressemelding kunngjort Raven Strike, ei nedlastbar ekspansjonspakke som vil by på innhald i stil med eldre Ghost Recon-spel. Ubisoft lovar større kart, komplekse oppdrag og ei høgre vanskegrad.

I pakka får du tre nye kampanjeoppdrag. I Secure Dawn reiser du til eit tåkelagt Kazakhstan der du ikkje får tilgang på avansert teknologi som optisk kamuflasje og droner. Cold Walker blir noko heilt anna der skal krige på eit togdepot i Russland. Argent Thunder på si side let deg krige i Moskva midt på natta.

Skjermbilete frå Ghost Recon: Future Soldier.
Skjermbilete frå Ghost Recon: Future Soldier.

I tillegg til desse tre oppdraga kjem Sawmill til Guerilla-modusen. Her skal du kjempe mot 50 bølgjer med sinte fiendar. Alle dei nye karta kan spelast av opp mot fire spelarar samtidig. Raven Strike blir tilgjengeleg for Xbox 360 11. september, og for PlayStation 3 12. september. Om Raven Strike blir tilgjengeleg for alle PC-spelarane der ute seier ikkje Ubisoft noko om.

Ghost Recon: Future Solider fekk ein respektabel sjuar av Magnus tidlegare i år, og han hadde blant anna dette å seie:

– Ubisoft kjem med mange fine løysingar på korleis eit godt skytegameplay skal utførast, samtidig som dei gir deg stort rom for å snike om du vil. Det mest imponerande med Future Soldier er den til tider saumlause blandinga av sniking og action. Derimot skulle eg gjerne sett serien sjanse på å vere enda litt meir vaksen, og litt meir innvikla. Det ville også gjort den kooperative fleirspelardelen betre, ettersom den også tenderar mot det grunne og uinnvikla.

Les også: Vil lage taktisk skytespel inspirert av originale Ghost Recon
Les også: Anmeldelse: Ghost Recon: Shadow Wars

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen